Hopp til innhold

Skulda for å manipulere pasient

Ein tilsett ved Tronvik psykiatriske avdeling vart suspendert etter skuldingar om at han skal ha pressa og manipulert ein pasient.

Tronvik

Ein tilsett ved Tronvik psykiatriske avdeling er suspendert frå stillinga si.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Pasienten kjende seg tvungen til å gje verdisakane sine til den tilsette. No er saka meld til Helsetilsynet.

Tilbake i annan jobb

Det var i februar at pasienten klaga til leiinga ved Helse Førde sin psykiatriske avdeling på Tronvik. Han kjende seg pressa og manipulert til å gje frå seg verdisakar til ein tilsett, som fekk pengar, klokke, høgtalarar og tv-spel frå den tvangsinnlagde pasienten. I mars vart den tilsette suspendert, men han er no attende i jobb i ein annan post på Tronvik.

Sa han tok vare på tinga

Den tilsette vedgjekk overfor leiinga at han hadde fleire av pasienten sine eigendelar, for å ta vare på dei. I februar fekk han munnleg og skriftleg åtvaring frå leiinga, som fann grunnlag for å mistenke utnytting med overlegg. Mistankane vart meld til Fylkeslegen av seksjonsleiar Finn Trædal, som ikkje ynskjer å uttale seg om saka.

Vil ikkje forklare seg

Fylkeslege Petter Øgar ynskjer heller ikkje å uttale seg, men han fortel at Helsetilsynet sine undersøkjingar førebels har stogga. Årsaka er at dei ventar på uttale frå den tilsette, som så langt ikkje har ville forklare seg til Helsetilsynet.