Hopp til innhold

– Nei, eksamen har ikkje blitt for enkel

FØRDE (NRK): Skulane spekulerer i enkle eksamenar, hevdar professor. Vi kjenner oss ikkje att, seier sjukepleierstudenter.

KREVANDE STUDIE: Tomine Berge Schistad (21) og Astrid Tønnesen (20) byrja på sjukepleiestudiet i haust, men har allerede hatt to eksamenar.

KREVJANDE STUDIE: Tomine Berge Schistad (21) og Astrid Tønnesen (20) byrja på sjukepleiestudiet i haust, men har allereie hatt to eksamenar.

– Det var fleire i faddergruppa vår som strauk allereie på første eksamen, seier Astrid Tønnesen (20), som er førsteårsstudent ved Høgskulen på Vestlandet.

Ho og medstudent Tomine Berge Schistad (21) sit på kvart sitt bord for å ikkje forstyrre kvarandre. Rundt dei ligg ringpermar, markeringstusjar og halvtomme kaffikoppar.

Eksamen nærmar seg.

– Eg har aldri jobba så mykje som no, seier Tomine.

Meiner for få stryk på eksamen

– Me er stiller for lite krav når me sensurerer, seier professor Kai A. Olsen.

I eit intervju i universitetsavisa Khrono i førige veke skuldar han studieinstitusjonane for å «forenkle emneoppgåvene og ta opp for mange studentar». Kvifor? Fordi dei tenar pengar på det.

– Utdanningsinstitusjonane får betalt for å få studentane gjennom et studieløp. Strykprosent på 10–20 prosent trur eg blir akseptert, men kunne me strøket 70 prosent? Det trur eg ikkje, seier han.

KRITISK TIL DAGENS MODELL: Professor Kai A. Olsen meiner dagens system for høgare utdanning er korrupt.

KRITISK TIL DAGENS MODELL: – Me er stiller for lite krav når me sensurerer, seier professor Kai A. Olsen.

Foto: Anders Hviid / HVIIDPHOTOGRAPHY

Problemet er finansieringsmodellen og at ingen vil rydde opp fordi alle tener på det, seier han. Skulen får større inntekter; forskarane kan bruke mindre tid på å undervise; og det er lettare for studentane å bestå.

Det er difor «umogleg å endre systemet frå innsida», seier han.

– Ei løysing kunne vore prestisjeuniversitet med strengare krav. Det ville gitt både svake og sterke studentar betre moglegheiter, seier han.

– Upresis kritikk

– Me sender ikkje frå oss studentar som ikkje er dyktige nok, seier prorektor ved Høgskulen på Vestlandet, Bjørg Kristin Selvik.

– Kandidatane våre skal ha eit godt rykte og vera rusta til å gå direkte inn i arbeidslivet.

Ho meiner Olsen sin kritikk er «unyansert», og minner om at dei vurderer elevane etter ei rekke kriterium, og «ikkje berre via den klassiske skuleeksamen».

– Her har det skjedd ei stor utvikling i vurderingsformene, seier ho.

Ho minner om at det er innført nasjonale deleksamenar for å sikre at utdanningsinstitusjonane legg lista på same nivå.

– Me ynskjer at studentane skal lykkas, men me er like opptatt av å levere utdanning av høg kvalitet.

– Professor Olsen viser til at fleire eksaminandar genererer større inntekter, og at dette i si tur skaper uheldige freistingar?

– Produserer me fleire studiepoeng, får me meir pengar. Eg er likevel overtydd om at institusjonane har nok integritet til å forpakte denne makta sjølv.

KRITISK: Prorektor Bjørg Kristin Selvik meiner Olsen bommar i kritikken mot låg strykprosent i høgare utdanning.

GODE NOK: – Me sender ikkje frå oss studentar som ikkje er dyktige nok, seier prorektor ved Høgskulen på Vestlandet, Bjørg Kristin Selvik.

Ikkje tid til å prate

Tilbake på lesesalen sit sjukepleiarstudentane bøygd over haugar av pensumbøker og usorterte notat. Dei synest det faglege tilbodet og eksamensmodellane høgskulen tilbyr er akkurat så krevjande som det bør vere.

Neste eksamen er i anatomi, der fagspråket er latin.

– Eigentleg har me ikkje tid til å prate med deg, smiler Tomine Berge Schistad.