Hopp til innhold

Skuffande 21. plass til Fannemel

Verdscupleiar Anders Fannemel enda på ein 21.plass etter dagens konkurranse i stor bakke i Engelberg.

Anders Fannemel

IKKJE PÅ TOPP: Verdscupleiaren imponerte ikkje under dagens hoppkonkurranse i Engelberg i Sveits.

Foto: Jens Meyer / Ap

Honndølen var førehandskvalifisert til rennet, men med hopp på 124,5 meter og 128 meter var ikkje nok til å sende Fannemel til topps.

Ingen av dei norske var med i toppen og kjempa om siger i dag. Beste norske var Rune Velta på ein tiandeplass. Richard Freitag vann rennet framfor Roman Koudelka og Michael Hayboeck.

Fannemel held likevel på leiinga i verdscupen samanlagt.

I morgon ventar ny konkurranse i den store bakken som du kan sjå på NRK1 klokka 14.15.