Hopp til innhold

Skuffa, men ikkje overraska over statleg nei til opprusting

Fylkespolitikarane er skuffa over at staten ikkje vil løyve pengar til utbetring av siste del på fylkesveg 60, Olden-Innvik. Dei komande dagane skal dei leite etter pengar i eige budsjett.

Arnstein Menes er kritisk til at fylkesordføraren nedprioriterte vegmøte.

HÅP: Fylkespolitikarane håpte i det lengste at staten ville strekke ut ei hjelpande hand for å få Olden-Innvik fullt rusta opp. Når avslaget er eit faktum står politikarane, som Arnstein Menes frå Senterpartiet, skuffa tilbake og må leite med lys og lykt etter pengar til sjølve å ruste opp vegen.

Foto: NRK-montasje

– Når staten har lagt E39 i indre er det skuffande at dei ikkje tek litt ansvar for den. Eg hadde eit håp, men no får vi diskutere korleis vi skal forhalde oss til dette vidare, seier leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes frå Senterpartiet.

Før helga kom den endelege meldinga frå statleg hald, dei seier nei til å gå inn med pengar til å ruste opp siste del av vegen mellom Olden-Innvik. Ein parsell mellom Skarstein og Ugla står framleis att å betre ut, på det som har blitt omtala som "Noregs verste veg".

Også fylkesleiaren i Framstegspartiet hadde håpt at staten ville stille opp med pengar til opprustinga av dei fem siste kilometrane på vegen.

– Ja, eg er skuffa over at vi ikkje får statleg medfinansiering. No har både den raudgrøne og denne regjeringa sagt nei, seier Frank Willy Djuvik.

Er lova snarleg start på ny E39

Fleire håpte lenge at vegen kunne omklassifiserast, og bli gjort om til riksveg, men heller ikkje det blir noko av. Djuvik ser likevel positive tendensar i dei siste avklaringane som har kome for vegen.

Frank Willy Djuvik

SIGNAL: Frank Willy Djuvik i Framstegspartiet er glad for at dei siste signala frå departementet tyder på at E39 i indre blir sett i gang raskt.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Signala frå Samferdsledepartementet er at ein umiddelbart startar planlegging av bru og tunnel, i eitt prosjekt og får snarleg finansiering av dette.

Kor kjapt kan ein kome i gang?

– Eg har fått melding om at ein allereie på nyåret vil sette i gong med prosjektet, seier Djuvik.

Fylkespolitikarane er samla til fylkesutval og fylkesting dei komande dagane. Der skal politikarane diskutere kva dei no må gjere for å få rusta opp vegen på eiga hand.

– Vi må diskutere om det let seg gjere å finne midlar for å finansiere resten. Det er positivt om ein kjem raskt i gong med E39, men det blir ei belasting på vegen også i åra framover, understrekar Menes, som er usikker på kvar dei skal finne pengane.

Også i Framstegspartiet må dei diskutere kvar pengane skal hentast frå, men pengane må kome meiner Djuvik.

– Vi som fylkeskommune må ta ansvar og få fullført vegen. Vi vil finne ei løysing for å realisere Olden-Innvik ved hjelp av rentekompensasjon og midlane vi no får frå staten.