Skuffa over svaret frå kommunal­departementet

Gruppeleiar for KrF på fylkestinget, Trude Brosvik, er lite nøgd med at kravet til fylkeskommunen om eit statleg naturskadefond vart avvist.

Trude Brosvik

Trude Brosvik (KrF).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Val

– Eg er skuffa og djupt ueinig med statssekretær Kristin Holm Jensen frå Høgre når ho seier at det ikkje er behov for eit eige naturskadefond, seier gruppeleiar for KrF på fylkestinget, Trude Brosvik.

I førre veke sende fylkeskommunen i Sogn og Fjordane eit brev til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Der kravde dei at det vert oppretta eit statleg naturskadefond til å dekka utgifter knytt til oppbygging av infrastruktur etter naturskade, slik som skadeflaumen i Indre Nordfjord 24. juli i år.

Gjer pengar ved behov

Frå 2010 og fram til i dag har kostnadane knytt til naturskade vore på rundt 300 millionar for fylkeskommunen. I brevet til departementet skriv fylkeskommunen at dei har fått dekka under halvparten og at kostnadane går utover andre tenester dei skal gje til innbyggjarane.

Men svaret frå departementet var ikkje det dei hadde håpa på.

– Vi har stilt midlar til disposisjon til Sogn og Fjordane tidlegare og vil gjera det framover. Vi sett av pengar til dette og vi ser ikkje behovet for eit eige fond, men det er pengar tilgjengeleg når det trengst, seier statssekretær Kristin Holm Jensen frå Høgre.

Kristin Holm Jensen

Statssekretær Kristin Holm Jensen (H).

Foto: Torbjørn Tandberg

Sidan 2010 har 30 prosent av kostnaden etter naturskade på landsbasis skjedd i Sogn og Fjordane.

– Det går utover andre tenester og infrastruktur. Det er djupt urettferdig, distriktsfiendtleg og kunnskapslaust, seier Brosvik.

– Ordninga er rettferdig fordi vi utbetaler meir til dei som har høgare utgifter. Sogn og Fjordane er blant dei som har fått mest med over 140 mill. dei siste åra, seier Holm Jensen.