Butikkane har i den seinare tid teke inn færre Åsnes ski før sesongen. Dei satsar i staden på å få ski frå fabrikken ved behov. Ved ettertinging vert det ofte ventetid for kundane, fordi lageret på Åsnes Ski er svært lite.
Lite lønsamt
- Når butikkane ventar med å tinge ski, til snøen kjem er det lite lønsamt for fabrikken. Vi kan ikkje berre drive med supplering. Då blir vi ei verksemd som produserer to månader i året og lyt stenge resten, seier dagelg leiar Terje Eilertsen.
Bommar med kritikken
Dagleg leiar på Førde Sport, Bjørn Sandsmark, har merka at lageret er lite.
- Når Åsnes klagar på vi ikkje supplerer nok så blir det feil. Vi supplerer utfrå eit lager som kan levere ski. Det kan tydlegvis ikkje Åsnes, seier han.
Ifølge Sandsmark får ikkje butikkane vite kor lenge kvar enkelt Åsnes-modell skal vere i marknaden. Då vert det vanskeleg å planleggje sal av ski.
Har ikkje løysinga
Åsnes Ski har ikkje kapasitet til å ha eit lager med ski ståande. Terje Eilertsen ser inga umiddelbar løysing dersom ikkje butikkane vil førehandstinge meir ski. Han meiner risikoen må delast mellom både produsent og butikkane.