Hydro i Årdal
Mesteparten av dei 355 som misser jobbane sine i industribygdene, får tilbod om maks halvtanna års løn i sluttpakke. - Det er altfor lite, seier klubbleiar i Årdal, Odd Semstrøm.
- Piss i havet
Også hovudtillitsvald ved Hydro aluminium i Høyanger, Billy Fredagsvik, meiner at halvanna årsløn i sluttpakke er for smått. - For familiefolk i Høyanger og Årdal som er nøydde til å flytte på seg, så er det eigentleg berre eit piss i havet
Krev to årsløner
Både Fredagsvik og Odd Semstrøm krev at sluttpakken frå Hydro må bli auka til minst to årsløner. Som tidlegare kjent, mister 355 Hydro-tilsette i Høyanger og Årdal jobben innan 1. april neste år. Verst går det ut over Årdal, der 285 blir sette på porten.
Dei som er over 58 år, kan søkje om å få 70 prosent av løna til dei går av med pensjon. Men berre eit fåtal av dei som søkjer får ein slik gunstig sluttpakke. Semstrøm vil difor kjempe for at flest mogleg får dette tilbodet.
- Alternativet er at dei går ut i arbeidsløyse, og det kan ikkje nokon vere bekjent av, seier han.
Pengar til omskulering
Plassjef ved aluminiumverket i Høyanger, Frode Hoff, seier at Hydro totalt sett skal redusere med 800 arbeidsplassar, og at dei skal bruke 800 millionar kroner til omstillinga. - Det gjer at vi har gode moglegheiter til å finne gode løysingar for det som vert råka av nedbemanninga, slik som omskulering til andre jobbar, seier han.