Hopp til innhold

Skuffa over planar om nedbygging i Florø - meiner dei borgarlege må rydde opp

– Det er skuffande og dramatisk om det blir ei nedbygging av oljeaktiviteten i Florø, meiner Senterparti-leiaren. No meiner ho dei borgarlege partia må vise makta si.

Liv Signe Navarsete om Statoil sine planar om nedbygging av Saga Fjordbase i Florø

SKUFFA: Senterpartileiar Liv Signe Navarsete er skuffa over Statoil sine planar om nedbygging av aktiviteten ved Saga Fjordbase i Florø.

Foto: Montasje: Harald M. Valderhaug/Siv Sandvik/NRK

Statoil vil leggje ned mykje av forsyningsaktiviteten frå oljebasen i Florø frå sommaren 2015. Dermed står fleire titals arbeidsplassar på spel og lokalpolitikarane har varsla kamp.

Navarsete viser til at det har blitt gjort eit veldig arbeid politisk med oppbygginga av basen dei siste åtte åra. No fryktar ho at veksten skal bli erstatta med ein nedtur om ikkje den nye borgarlege regjeringa tek tak.

– Eg er veldig skuffa over at Statoil vel å bryte ei linje i det arbeidet som har vore med å byggje opp basen i Florø, seier ho til NRK.no.

Mister stor del av forsyningsaktiviteten

Basen i Florø skal få behalde all forsyning til plattformane Snorre og Visund, men vil miste all anna forsyningsaktivitet om planane til Statoil blir gjennomførte.

Planane er ein del av ein langsiktig strategi, som selskapet seier skal føre til ein meir kostnadseffektiv forsyning til installasjonane i Nordsjøen.

Politikarar og næringsliv i Sogn og Fjordane har ikkje likt signala om å kutte aktiviteten på Fjord Base. Mellom anna fylkesordførar Åshild Kjelsnes har sagt at ho ikkje vil akseptere nedbygginga, og meiner Statoil ikkje held seg til konsesjonsvilkåra.

Forventar at Høgre tek tak i saka

Senterpartileiar og stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete likar heller ikkje meldinga om ei mogleg nedbygging i Florø.

Etter fleire år med kraftig vekst kan no mellom 80 og 90 direkte arbeidsplassar forsvinne ved oljebasen. Fleire politikarar fryktar så mange som 250 arbeidsplassar kan bli råka.

Senterpartiet har dei siste åra hatt både olje- og energiministeren, leiar i Energi og miljøkomiteen frå fylket og tidlegare fylkesordførar Nils R. Sandal som har jobba for utvikling. No er det andre som skal ta avgjerda om vegen vidare.

– Kva tenkjer du om moglegheitene for at ei borgarleg regjering kan ordne opp i dette?

– Dei har vore veldig tydelege på at vi bør ordne opp når det har vore liknande saker, så eg ventar at Høgre kjem til å ta tak i saka og har ein dialog med Statoil.

– No skal også stortingsbenken frå fylket ha møte med Statoil til veka, og dette er ei sak der det er viktig at alle gode krefter spelar på lag, seier Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Lødemel

HØGREMANN: Bjørn Lødemel som sit på stortinget for Høgre for Sogn og Fjordane vil ikkje stille klare krav til eiga regjering.

Foto: Alf Vidar Snæland

Stiller ikkje klare krav

Med nye kostar i regjeringa er det Bjørn Lødemel frå Høgre som utgjer makta i stortingsgruppa her i fylket.

Også han meiner tapet av jobbar er dramatisk, men vil ikkje stille klare krav til eiga regjering.

– Eg synst det som kjem fram no er veldig dramatisk, og eg ønskjer å følgje opp dette både i mitt eige parti og saman med stortingsbenken, seier Lødemel.

Olje og enegiminister Tord Lien (Frp)

MINISTER: Det er Tord Lien frå Frp som er olje- og energiminister i den nye regjeringa.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Forventar du at olje- og energiministeren frå di eiga regjering går inn og ordnar opp i dette?

– Eg ventar at ministeren går ei grundig orientering om planane Statoil har, og det reknar eg kjem til å skje.

– Skal Flora vekse gjeld det kanskje å ha ein minister i ryggen, kor trygg er du på at ein har ein slik minister, og kjem du til å krevje det av han?

– Eg ønskjer at han på vanleg måte blir sett inn i saka, og så får han vurdere korleis han vil gripe inn, seier Lødemel.

Vil ikkje la dei raudgrøne ta æra

På spørsmål om ei slik haldning ikkje kan vere tannlaust, og om det ikkje hadde vore betre for fylket at han slo i bordet og sa at nok er nok, svarar Lødemel slik.

– Vi følgjer opp saka, eg vil berre seie at vi gjer det på ein ryddig måte.

Høgre-politikaren likar ikkje at dei raudgrøne tek æra for politisk draghjelp til oppbygginga i Florø dei siste åra.

Han seier at om Statoil får legge ned arbeidsplassar, så skuldast det konsesjonsvilkår som den førre regjeringa gav oljeselskapet.

– Vi har hatt ei raudgrøn regjering i åtte år, og dei planane som er i ferd med å bli sette ut i live har blitt jobba fram i den perioden, seier han.

Håpar politikarane hjelper Florø

Framover skal politikarane avgjere saka. Før helga sa logistikkdirektør i Statoil Gunnar Breivik til NRK at han reknar med at politikarane vil løyse opp i konsesjonsvilkåra.

– Vi trur at vi skal kunne få omgjort, eller diskutert med politikarar sentralt og på departementsnivå, slik at vi får gjennomført vår løysing, sa Breivik.

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete meiner det er rom for at politikarane kan hjelpe Florø no.

– Statoil er eit børsnotert aksjeselskap, og det må ein halde seg til, men det har vore veldig tydelege signal om at ein ønskjer landbasert verksemd langs kysten. Det er dette Statoil har følgd opp med oppbygginga av Florø, noko som har vore positivt for både Florø og for Sogn og Fjordane, seier Navarsete.