NRK Meny
Normal

Ordføraren i Vik skuffa over at Vikafjellsvegen ikkje fekk planleggingsmidlar

Ordførar i Vik, Martha Finden Halset, er skuffa over at ikkje vegen over Vikafjellet vart prioritert i framlegget til statsbudsjett.

Brøyting av Vikafjellet

HEILÅRSVEG: Vikafjellet er mellom dei mest utsette fjellovergangane i Sør-Norge. Kring årsskiftet kjempa entreprenørane mot fleire meter høg snø for å få opna vegen

Foto: Erling Stokkebø

– Denne regjeringa har jo sjølve sagt at dei skulle overoppfylle Nasjonal Transportplan (NTP), så difor hadde eg sjølvsagt forventa å i alle fall finne planleggingsmidlar dette I framlegget til statsbudsjett.

I Vik har dei gjennom mange tiår kjempa for ein tunnel gjennom det vêrutsette Vikafjellet. Og i juni i fjor kom gjennombrotet då Stortinget vedtok å starte tunnelbygginga kring 2020–22.

Marta Finden Halset viser fram vegplanar for Vikafjellet

UTOLMODIG: Ordførar i Vik, Marta Finden Halset (A).

Foto: Steinar Lote / NRK

Riksveg 13 over Vikafjellet er prioritert mot slutten av nasjonal transportplan. Finden Halset trudde likevel vegen skulle bli framskunda fordi Høgre og Frp i valkampen lova å overoppfylle transportplanen.

– Ein slant med planleggingsmidlar til Vikafjellsvegen i dette statsbudsjettet hadde understreka at dei meinte alvor. No får vi håpe at det ikkje var tomme løfte dei kom med i valkampen.

Treng ikkje uroe seg

– Dette er ei sak vi jobbar med, og sjølv om eit prosjekt ikkje er nemnt med namns nemning så har Statens vegvesen ei ganske stor planleggingsramme som dei skal bruke nettopp for å gjere prosjekta klare til prosessen med rullering av NTP startar neste år. Det seier Frank Willy Djuvik som er fylkesleiar i Framstegspartiet.

– Men med tanke på kor høg Frp gjekk ut i valkampen med lovnader om Vikafjellsvegen, har ikkje Finden Halset då eit poeng i at det hadde vore eit godt signal, å i alle fall lagt inn planleggingsmidlar?

– Nei, eg meiner at så lenge vi held den framdrifta som eg og Martha Finden Halset fekk stadfesta då vi var i møte med Vegdirektoratet og departementet, Så meiner eg at det er godt nok. Det burde vere godt nok for Finden Halset også.

Ventar på fylkeskommunen

Frank Willy Djuvik

– ER RUTE: Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Djuvik på si side er mest uroa over at dei må vente på fylkeskommunen si avklaring om rassikring, og armen til Arnafjorden.

– Det er i realiteten det som kan føre til forseinking av prosessen. At fylkeskommune ikkje bestemmer seg for korleis dei ynskjer å bidra i prosjektet.

–Så du meiner de skal kunne vere klare til oppstart i 2018?

– No skal vi ha ei rullering av NTP som startar neste år og som skal vedtakast i 2017. Vi har ein klar ambisjon om at vi skal få realisert Vikafjellet allereie i første del av planperioden, i motsetning til dei raudgrøne som ville ha den i siste del. Så eg har god tru på at vi skal få det til.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser