Liv Henjum. Foto©NRK
Ho meiner nordfjordingane bidreg så mykje til inntektene til Fylkesbaatane, at transportselskapet burde støtte terminalen. - Eg tykkjer Fylkesbaatane kunne prøvd å finne ei løsying, seier ho.
Treng meir pengar
For den flytande hurtigbåtterminalen i Måløy vart mykje dyrare enn planlagt. Prisen enda på 13,3 millionar kroner, og Nordfjord Hamn som eig terminalen, fekk brått bruk for meir pengar. Sjå også: Passasjerar kan måtte betale for Måløyterminalen
Tom pengesekk
Men som leiar i samferdsleutvalet på fylkestinget, har ikkje Liv Henjum pengar til å hjelpe terminalen ut av knipa. I går vart saka berre referert i møtet til samferdslekomiteen. Men når utvalet tidlegare har stemt over søknaden om meir pengar, har fleirtalet sagt nei. Henjum seier at pengesekken til samferdsle er tom.
Seier nei til å støttte
Og no har Fjord1 Fylkesbaatane avslått å støtte terminalen med to millionar kroner over ti år. Aministrerande direktør Stig Kristoffersen vil ikkje kommentere saka før dei har hatt eit møte med Nordfjord Havn.