Hopp til innhold

Skuffa over folkemøte

Få svar, men fleire helseplager.

Det hagla med spørsmål frå vel 120 frammøtte under folkemøtet i Gulen i dag
Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Eg saknar framleis konkrete resultat og handlingsplanar om korleis dette skal ende, seier Bent Unneland. Han var ein av vel 150 frammøtte under gårsdagens folkemøte kring ulukka ved Vest Tank.

Fryktar framleis helseplagene

- Det er klart eg framleis fryktar for helseplager, så lenge vi ikkje har fått konkrete svar, seier Unneland. 

Han, og resten av bygdefolket har dei siste vekene fortvila over helseplager, og hadde håpa på svar på kvifor dei blei sjuke etter eksplosjonsulukka ved VestTank 24.mai.

Dei som skulle svare på spørsmål var Statens forureiningstilsyn, Folkehelseinstituttet, Direktoratet for samfunnssikring og beredskap, Kystverket, politiet og mattilsynet.

Les òg: - Vaskevatn kan ikkje eksplodere

75 prosent med helseplager

Men korkje dei, eller VestTank svarte i går på kva som var på tankane. Panelet kom heller ikkje med utsegn som beroliga dei uroa innbyggjarane. I staden kom det fram at fleire enn ein har trudd, heile 75 prosent har fått helseplager.

Det uroar Monica Daae og May Lisbeth Wergeland, som begge bur i området. Dei fortel at det er ungane deira dei er mest redde for skal få helseskader. Dei seier òg at dei ikkje føler dei fekk noko utav gårsdagens folkemøte i Gulen.

Brosvik tek sjølvkritikk

Einaste nye informasjonen i går stod Mattilsynet for, som kunne rapportere at fisk og krabbe i området ikkje inneheld giftige stoff etter ulukka.

Spørsmål rundt dei mange helseplagene står endå utan svar. Difor tok ordførar Trude Brosvik sjølvkritikk på korleis ulukka vart handtert frå kommunen si side.

- Hadde dette skjedd på nytt no, hadde eg kalla inn dei statlege instansane på eit mykje tidlegare tidspunkt, seier Brosvik.