Hopp til innhold

Skuffa over eiga regjering

Regjeringa får stryk frå lokalpolitikarar etter framlegget om nytt økonomisk system for kommunane.

Mathias Råheim

SKUFFA: Høgreordførar Mathias Råheim i Gaular meiner regjeringa sitt framlegg til nytt inntektssystem for kommunane i praksis vil bety tvangssamanslåing.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Nei, det er ikkje slik eg hadde tenkt og håpt. Og Høgre har og sagt det skal vere frivillig, og økonomiske verkemiddel ei form for tvang om det blir brukt på feil måte, seier Gaularordførar Mathias Råheim.

Høgremannen er lite imponert over eiga regjering og deira forslag til nytt inntektssystem for kommunane. Systemet peikar i retning av at det er ein klar fordel for kommunar å slå seg saman. Innbyggjartal og avstand til større senter vil telje meir når staten skal løyve pengar til kommunane. Kommunar som slår seg saman vil i større grad bli skjerma mot kutta.

Det 100 siders framlegget som no er sendt på høyring har skapt lite entusiasme hjå ordførarane i Sogn og Fjordane.

- Direkte useriøst

I nabokommunen Hyllestad rasar arbeidarpartiveteran og kritikar av kommunereforma mot forslaget.

- Som vanleg med reforma her, så lèt etter det regjeringa kjem med langt fleire spørsmål enn svar. Eg ser på det som veldig uheldig når ein samstundes skal presse fram folkeavrøysting og avgjersler før ein i realitet veit kva det inneber. Det er direkte useriøst, tordnar det frå Mowatt.

Også i Senterpartibastionen Gloppen er ordføraren lite imponert. Leidulf Gloppestad meiner det burde ha kome konkret og tydeleg fram korleis systemet vil slå ut dersom ein slår seg saman eller held fram som kommune åleine.

- Nei, dette var stussleg. Det er på grensa til at eg vil seie at dei kunne spart seg heile høyringa. Det er ein gedigen nedtur i høve det ein har forventa.

- Fjernar hinder for samanslåing

I regjeringsbygga er tonen derimot annleis. Der er ein klare på dokumentet gjev klare svar. Eit av svara er at det ikkje lenger skal vere lønnsamt å vere ein liten kommune. Kommunar som slår seg saman vil kunne behalde eit tilskot på 13,2 millionar i 15 år, med gradvis nedtrapping i fem år.

Kristin Holm Jensen

LOKKAR MED GULROT: Regjeringa vil fjernde dagens hinder for samanslåing, og heller gjere det lønnsamt, seier statssekretær Kristin Holm Jensen frå Høgre.

Foto: (Torbjørn Tandberg/KRD)

- Samstundes så seier vi at dei som vel å vere små, men som kan slå seg saman med andre fordi dei har små avstandar, vil ikkje kunne rekne med å få like stor kompensasjon for administrasjonskostnadar i framtida, seier statssekretær frå Høgre, Kristin Holm Jensen.

Ho vil ikkje seie at dei straffar kommunar for å stå åleine, men meiner regjeringa løner dei som slår seg i hop.

- Dagens system lønar kommunar for å vere minst mogleg, og straffar kommunar som vel å slå seg saman. No fjernar vi hindringane som er for samanslåing, og gjer det meir lønnsamt å slå seg saman, når dei vurderer at det er det beste for sitt lokalsamfunn.

Oppklaringa frå regjeringa er likevel ikkje noko Råheim let seg imponere av.

- Det er mange måtar å bruke tvang på. Blir ein straffa økonomisk, så er det ei form for tvang, seier høgreordføraren i Gaular.