NRK Meny
Normal

Skuffa over at Terra-dom blir anka

Terra sitt forsikringsselskap ACE European Group Limited ankar dommen frå Oslo tingrett der dei sju Terra-kommunen vart tilkjent erstatning i millionklassen. I Vik er dei skuffa over at kommunane heller ikkje no får den avslutninga dei håpa på.

Oddbjørn Ese i Vik kommune skuffa over anke i Terra-dom

SKUFFA: Rådmann i Vik kommune, Oddbjørn Ese, legg ikkje skjul på at dei er skuffa over saka rullar vidare i rettssystemet.

Foto: Montasje: NRK/Scanpix

Dommen frå tingrett gjekk til fordel for kommunane i veldig sterk grad, og hadde den blitt ståande hadde vi fått ei viss avklaring. Så det er klart vi kjenner på at vi er skuffa no, seier Vik-rådmann Oddbjørn Ese til NRK.no torsdag.

Erstatning i millionklassen

Det var kommunane Haugesund og Hattfjelldal som gjekk til sivilt søksmål mot Terra sitt forsikringsselskap ACE European Group Limited, og i ein dom frå Oslo tingrett vart dei i starten av mai tilkjent ein «halv siger».

Haugesund kommune vart i dommen tilkjent ei erstatning på 50 millionar kroner frå selskapet, medan retten kom fram til at Hattfjelldal ikkje hadde fremma kravet sitt innanfor fristen.

Kommunane hadde på førehand inngått ein eigen avtale om intern fordeling av beløpet ein eller fleire av kommunane måtte bli tilkjent, og tingretten si avgjerd ville betydd 14 millionar kroner for Bremanger og 8 millionar kroner for Vik.

Tydeleg skuffa over anke

Men no må Vik kommune og rådmann Oddbjørn Ese sjå langt etter desse millionane. I går vart det kjent at forsikringsselskapet ankar dommen der tingretten slo fast at kommunane ikkje fekk god nok informasjon frå Terra.

– No rullar det berre vidare. Dette er ei sak som har versert i rettssystemet og som tvistesak sidan 2007, og vi skulle gjerne sett at vi fekk ei avklaring. Men det vart ikkje denne gongen heller, seier han tydeleg skuffa.

Det er ikkje kjent kor tid ankesaka kjem opp for Borgarting lagmannsrett, men Ese fryktar det kan gå minst eitt år.

I tillegg til millionane i erstatning som kommunen går glipp av, seier Ese at ein rettskraftig dom hadde betydd mykje for dei andre sakene kommunane har gåande.

– Det viktigaste er at denne dommen kunne lagt premiss for andre saker som følgjer i kjølvatnet av dette. No er vi tilbake ved start, seier rådmannen skuffa.

Eg kan stadfeste at vi no har anka saka, men eg ønskjer ikkje å gå inn i sjølve anken før Haugesund kommune har fått moglegheit til å sette seg inn i saka, sa advokat Atle Lunder frå advokatkontoret Arntzen de Besche som representerer forsikringsselskapet Ace, til Kommunal Rapport i går.