NRK Meny
Normal

Skuffa over at det ikkje kom avklaring om riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Leiar i samferdsleutvalet og ordførar i Aurland, Noralv Distad er skuffa over at det ikkje kom noko endeleg avklaring for riksveg 52 som hovudveg aust – vest.

Noralv Distad Høgre fylkestinget

SKUFFA: Noralv Distad (H) er leiar for samferdsleutvalet i fylket og ordførar i Aurland

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi hadde ynskt sterkt at det hadde kome ei avgjerd no. Vi meiner at alternativet over Hemsedal, med arm til riksveg fem og bru Fodnes – Manheller er ei god løysing som også fagetaten har tilrådd, seier Distad.

På ein presskonferanse som starta klokka 10 presenterte samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen E134 over Haukeli som den eine av to nye hovudvegar mellom aust og vest. Når det gjeld kva som blir valt som den andre hovudvegen mellom aust og vest av riksveg sju Hardangervidda og riksveg 52 Hemsedal, blir det vurdert vidare av regjeringa.

Dermed er E16 over Filefjell ute av konkurransen.

Spent på den vidare prosessen

– No veit eg ikkje kva prosess regjeringa legg opp til vidare, og kor lang tid det blir utsett. Vi må jobbe inn mot dei sentrale politikarane i samferdsledepartementet og Stortinget.

– No har det vore mobilisert sterkt i Hordaland for Hardangervidda. Fryktar du at når det ikkje kom noko avklaring i dag, at det er noko som taler for Hardangervidda-alternativet?

– Det er rett at det har vore mobilisert sterkt frå Bergen og Hordaland. Vårt syn er at det vil vere feil å legge hovudsamband så tett som det vil bli dersom ein vel både E134 og riksveg sju over Hardangervidda som hovudvegar mellom aust og vest, seier Distad.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

PRESENTERTE AUST-VEST SAMBAND: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen orienterte fredag om status for arbeidet med kvar hovudsambanda mellom Austlandet og Vestlandet skal gå i framtida.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Fryktar ikkje Hardangervidda

Ordførar Jan Geir Solheim

KJEMPAR FOR HEMSEDAL: Jan Geir Solheim (Sp) er ordførar i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

Ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal er skuffa over at det ikkje kom ei avgjerd no. Men han er ikkje redd for at tilhengarane av Hardangervidda no skal få meir tid til å argumentere for sitt syn.

– Eg fryktar ikkje det. Dei har nok kome med dei argumenta dei har, og dei er ikkje gode nok. Vi har ein rapport som syner kva som er det beste alternativet, men eg skuffa over at avgjerda ikkje vart tatt i dag, seier Solheim.

Var lova samla vurdering

– Dette samsvarar ikkje med det som leiaren i transportkomiteen har sagt tidlegare, som var at ein skulle sjå desse alternativa samla, seier Jarle Aarvoll som er ordførar i Sogndal.

Sogndalordføraren vil ikkje bruke ordet skuffa om at det ikkje kom ei avgjerd i dag om kva regjeringa meiner bør vere det andre hovudsambandet mellom aust og vest. Men han er overraska over at avgjerda ikkje kjem før jul slik Solvik-Olsen tidlegare har lova.

Jarle Aarvoll

OVERRASKA: Jarle Aarvoll (Ap) er ordførar i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det syner seg at det som har vore sagt tidlegare ikkje stemmer. Slik eg tolkar dette så er avgjerda no overlaten til Stortinget.

– Kva betyr dette for dykk i Sogn som har kjempa for Hemsedals-alternativet?

– Det betyr ikkje anna enn at avgjerda ligg lenger fram i tid. Statens vegvesen er heilt klare på at det nordlege alternativet er det beste. Det er også brukarane, transportnæringa, også når det gjeld det samfunnsøkonomiske kjem det nordlege alternativet best ut, seier Aarvoll.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå