Hopp til innhold

Skuffa ordførar seier ja til storkommune

Jølsterordførar Oddmund Klakegg (Sp) si tilråding Jølster kommunestyre er å seie ja til samanslåing.

Oddmund Klakegg

NEDERLAG: For Sp-ordførar Oddmund Klakegg var gårsdagens valresultatet eit nederlag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Måndag sa eit knapt fleirtal på vel 51 prosent ja til samanslåing med Gaular, Naustdal og Førde. For nei-mannen Klakegg er tilrådinga eit personleg nederlag.

– Det er litt spesielt i dag. Jølster kommune er ein veldriven og stolt kommune. I dag ligg vi litt nede for teljing, seier Sp-ordføraren.

Valresultatet betyr at ordføraren no tilrår samanslåing.

– Det blir mi tilråding til kommunestyret som fattar avgjerda. Det blir ein veg å gå, og vi kjem til å utfordre bystyret i Førde for å få til ein framtidig ny kommune i indre Sunnfjord.

Knapt fleirtal

Jølstringane gjekk mann av huse for å seie sitt om kommunesamanslåinga. 1729 personar valde å røyste, noko som er 73 prosent av innbyggjarane med røysterett.

Berre 49 røyster skilde nei frå ja til samanslåing med Førde, Gaular og Naustdal kommunar. For 51,42 prosent av jølstringane røysta ja til å bli med i ein storkommune i Sunnfjord. 48,58 røysta ja til å behalde Jølster som ein eigen kommune.

Laster innhold, vennligst vent..

Steile frontar mellom bygdene

Debatten har gått friskt i Jølster om kommunen skulle stå åleine, eller om ein skulle slå seg saman med andre. Frontane har vore steile, særleg mellom Vassenden og Skei, noko som også reflekterer seg i den høge oppslutnaden.

Dette er utfordrande, for det er ein splitta kommune. Vi veit kva vi har, og vi går inn i noko som vi ikkje veit sluttsvaret på. Det blir ei tung og viktig oppgåve. Om vi klarer å samle bygda igjen, vil tida vise.

– Vil du vere raus ovanfor innbyggjarane dine?

– Jølster kommune og eg som ordførar har vore raus ovanfor innbyggjaren heile tida, seier Klakegg.

Olve Grotle

TRUR PÅ GODE SAMARBEID: Høgre-ordførar Olve Grotle i Førde trur dei skal finne gode løysingar med dei andre kommunane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Førde-ordførar Olve Grotle (H) seier han opplever Klakegg som ein offensiv og framoverlent ordførar.

– No må vi forvalte det ja-et vi har fått på ein skikkeleg, god og raus måte. Korleis vi gjer dette, må vi finne ut av framover. Det er eit stort ansvar for å finne gode løysingar. Eg har tru på at vi kan finne fram til ein felles kommune, seier Grotle.

Her er resultatet i Jølster – med tala for kretsane:

Slik er resultatet i Jølster

Alternativ A:Jølster kommune held fram som eigen kommune

Alternativ A:Jølster kommune held fram som eigen kommune

Alternativ B:Jølster slår seg saman med Førde kommune, Gaular kommune og Naustdal kommune

Alternativ B:Jølster slår seg saman med Førde kommune, Gaular kommune og Naustdal kommune

Krins

Tal røysteføre

Tal røyster

Prosent røyster

Tal røyster

Prosent røyster

Prosent valdeltaking

Årdal

205

119

77,78 %

34

22,22 %

74,63 %

Skei/Stardalen

783

519

88,57 %

67

11,43 %

74,84 %

Gjesdal

424

72

21,69 %

260

78,31 %

78,30 %

Eikås

705

62

12,45 %

436

87,55 %

70,64 %

Ålhus

226

68

42,50 %

92

57,50 %

70,80 %

Sum

2360

840

48,58 %

889

51,42 %

73,26 %

Valdeltaking: 1729 - 73,26 %

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)