Hopp til innhold

Skuffa og kritiske bønder tok til motmæle

På folkemøtet om E39 kom Bondelaget med forslag til ny trasé for E39 gjennom Byrkjelo. Bøndene krev at Statens Vegvesen tek med dette fjerde alternativet i arbeidet vidare.

Bondelagsleiar Anders Felde

NYTT FORSLAG: Bondelagsleiar Anders Felde var ein av mange som meinte Statens vegvesen sine forslag tek altfor mykje matjord.

Foto: Silje Guddal / NRK

Folkemøte om nye E39 gjennom Breim samla rundt 100 personar onsdag kveld. Statens vegvesen bad om oppklarande spørsmål frå dei frammøtte, men vart møtt med kritikk og sterke meiningsytringar.

– Forslaga til Vegvesenet teke lite eller ingen omsyn til vern av matjord, sa leiar i Breim Bondelag, Geir Thomas Myklebust i sitt innlegg.

Han presenterte i staden eit heilt nytt alternativ, som fekk stor oppslutnad blant dei frammøtte.

Vil ha tunnel frå Egge

I følgje Bondelaget vil ikkje deira traséforslag legge beslag på noko matjord.

Geir Thomas Myklebust

KOM MED NYTT FORSLAG: Leiar i Breim Bondelag, Geir Thomas Myklebust, krev tunnel frå Egge, for å skåne matjorda i området.

Foto: Sogn og Fjordane / NRK

– Vi føreslår ein tunnel i frå ferista på Egge til området ovanfor meieriet. Etter vår meining vil dette vere det beste for heile bygda, seier Myklebust.

Det var i førre veke Statens vegvesen la fram planprogrammet for E39 Byrkjelo – Grodås. Ingen av dei tre traséforslaga som Statens vegvesen presenterte vart godt motteke, i følgje bondelagsleiaren.

Vegvesenet sine traseeval gjennom Breim

VEGVESENET SINE TRE ALTERNATIV: Nye E39 vil krevje mykje areal. Vegstandarden er høgre enn nokon annan veg bygd i Sogn og Fjordane.

Foto: Statens Vegvesen

Har investert for framtida

Jan Erik Fløtre er ein av bøndene som vil miste matjord om nye E39 vert lagt vest om Byrkjelo sentrum. Vegvesenet sine forslag skuffa han stort.

– Når ein investerer for framtida, og håpar at det skal vere ein trygg og sikker leveveg, så er det synd viss det skal bli øydelagt av ein veg som tek ein god del av det ressursgrunnlaget vi er avhengige av, seier Fløtre.

Jan Erik Fløtre

HAR INVESTERT: Bonde Jan Erik Fløtre seier han vil miste 10 til 20 prosent av arealet han disponerer i dag, om E39 vert lagt vest om Byrkjelo sentrum.

Foto: Silje Guddal / NRK

Han set no si lit til at Bondelaget sitt forslag om tunnel frå Egge vert teke med.

– Eg vart veldig glad over det fjerde alternativet som Bondelaget la fram, og håpar inderleg kommunen og Vegvesenet tek det med seg vidare.

Var budd på motstand

Statens vegvesen arrangerer denne veka folkemøte i bygdene langs nye E39. Så langt har oppmøtet vore stort.

Folkemøte om nye E39 i Breim

FOLKEMØTE: Planprosjektleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen i samtale med Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad før folkemøtet. Kurt Skagen og Ole Kristian Åset, begge frå Statens vegvesen, deltok og på møtet.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er kjempebra at folk kjem, engasjerer seg, set seg inn i saka og kjem med gode innspel, seier planprosjektleiar Ellen Njøs Slinde.

– Korleis er det å høyre all kritikken?

– Det er ikkje noko uvanleg i ein planprosess. Det er mange omsyn å ta, og landbruket er eit av dei. Det er heilt greitt. Eg synest det er fint at folk engasjerer seg, seier Slinde.

Vegvesenet hadde ikkje fått tid til å setje seg inn i Bondelaget sitt traséforslag.

Både Slinde og kollegaen Kurt Skagen minna tilhøyrarane om at ein må sjå E39 i ein større samanheng. Vi planlegg hovudvegen mellom dei største byane på Vestlandet, sa dei.

– Kva verdi har innspela som kjem frå innbyggjarane dersom Vegvesenet må tenkje på det store bildet?

– Heile formålet med å konsekvensutgreie er å finne ut kva påverknad veganlegget vil få for samfunnet. Då tel alt med, både lokale og overordna formål med E39, seier Slinde.

Både Myklebust i Bondelaget og bonde Jan Erik Fløtre har trua på at deira meining betyr noko.

– Vi kan ikkje gje oss no, seier Fløtre.

Fristen for å seie si meining er 1. juni.