Hopp til innhold

Frp er ein av taparane lokalt - men kjem i regjering sentralt

Frp-politikar Frank Willy Djuvik er skuffa over valresultatet. – Vi hadde håpa å gjere det betre i Sogn og Fjordane, seier han. Han er likevel fornøgd med at partiet for fyrste gong er i regjering.

Frank Willy Djuvik

OPPTURAR OG NEDTURAR: I dag veit ikkje Frank Willy Djuvik (FRP) om han skal vere skuffa eller glad. Han er skuffa over valresultatet, men fornøgd med at partiet er i regjering.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Frank Willy Djuvik og Frp står att med ein oppslutnad på 10,8 prosent etter valet. Det er ein tilbakegang på 5 prosentpoeng.

Mindre tilbake enn i resten av landet

– Vi hadde håpa å gjere det betre i Sogn og Fjordane. Men tilbakegangen er mindre i fylket enn landet elles. Likevel håpte vi på å gjere det betre her. Men vi er realistar så vi visste vi kom til å få ein tilbakegang. Målet nådde vi, har fått Frp i regjering, seier Djuvik.

Djuvik oppsummerer valkampen med at den har vore kjedeleg. – Det store spørsmålet knytta til skal vi ha ei borgarleg eller ei raudgrøn regjering, seier Djuvik.

Jobbar steinhardt

Frp-politikaren vedgår at det har vore jobba intenst og hardt over lengre tid. Difor er det litt hardt å ikkje få eitt hundre prosent utteljing på resultatet.

– Sånn vil det alltid vere. Vi jobbar beintøft, det har vore gjort ein kjempeinnsats. Men sånn er det, nokre opp- og nedturar blir det. I dag er eg usikker på om det er opptur eller nedtur, ler Djuvik. Det å komme i regjering er veldig bra, og ein del av målet.

– Men det er klart ein blir litt skuffa. Vi har helde på i over eit år, og det har vore beintøft. Nokre i valapparatet har sove berre fire timar kvar natt dei siste vekene, så dei er nok meir skuffa enn meg.

Champagne

Partiet har leigd eiga suite på hotellet og bestilt champagne som opprinneleg skulle sprettast dersom Frank Willy Djuvik kom på Stortinget.

– Vi har bestemt oss for å sprette champangen uansett. No skal vi glede oss over at Frp har komme i regjering for fyrste gong og det skal eg vere med på. Det er spennande!