NRK Meny
Normal

Skuffa Erdal ville helst stått på startstreken i dag

Berre to jenter hamna bak Karoline Erdal under gårsdagens renn i Holmenkollen. Dermed må ho sjå dagens jaktstart på TV.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

UTE AV FORM: – Eg fekk ein bom på liggande og det la press på meg. Så vart det vanskelege vindforhold på ståande, og då vart det som det vart, seier Karoline Erdal.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det var dårlegare enn eg hadde forventa. For å hevde meg må eg ha eit perfekt løp og vere i form. Når eg ikkje er i den forma eg har lyst til å vere, så blir det vanskeleg, seier Karoline Erdal frå Førde.

Fredag vart ho nummer 101 på sprinten i Holmenkollen. Med fire bom kom ho i mål nær fem minutt bak vinnaren. Hadde ho kome i mål betre enn nummer 60 hadde ho i dag stått på startstreken i jaktstarten.

– Det hadde vore kjekt, men eg var ikkje god nok, så det er heilt greitt, seier ho.

Håpar å finne formen til NM

Å gå på heimebane med tusenvis av publikummarar ute i skogen var stas for jenta på 19 år.

– Det var kjekt, og godt trøkk i publikum. Og så var det fint å ha vener og familie som kom for å sjå.

No har ho reist tilbake til Geilo for å trene. For sjølv om den internasjonale skiskyttar sesongen blir avslutta denne helga, så ventar NM komande helg. Denne sesongen har ho fått gå fleire internasjonale renn. Under sesongopninga vart ho beste norske på 4.-plass. Med seg i kofferten frå EM tok ho med seg sølv frå mix-stafett. I junior-VM tok ho og laget gull. Ein lang sesong går mot slutten, men ho håpar å ha litt meir inne.

– Det har vore ei påkjenning for kroppen til no, for all reisinga og det er noko eg ikkje er vand med. Kroppen er litt utlada, men eg har framleis trua på at eg har noko igjen, slik at eg kan hevde meg i NM.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.