Hopp til innhold

«Jekla bra», meiner Skjeldestad om Sogndal-siger

Assistenttrenar Terje Skjeldestad er over seg av glede etter at Sogndal i dag sikra seg tre nye poeng på toppen av 1. divisjon.

Terje Skjeldestad

SÆRS NØGD: Terje Skjeldestad har fulgt Sogndal i tjukt og tynt i mange år. I dag fekk han sjå eit lag som verkeleg blødde for drakta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Forventingspresset rundt Sogndal stig no for kvar kamp, men det var ingen nervar å spore då Sandnes Ulf tok imot sogningane i ettermiddag. Snarare tvert imot.

– Dette var vel ein temmeleg solid bortekamp som vi hadde førebudd oss godt til. Vi fekk kampen dit vi ville etter to tidlege mål, seier ein svært glad Terje Skjeldestad til NRK etter kampen.

– Vi gjer jobben vår

Assistenttrenaren opplevde som resten av laget nokre svært nervepirrande minutt mot slutten av kampen, der Sandnes Ulf først reduserte til 1–2.

– Eg føler også at vi kontrollerte 2.-omgangen bra, men når heimelaget klare å flytte opp mannskap og får ei skåring, så blir det jo mange situasjonar rundt vår eigen boks. Dei handterer vi på ein jekla bra måte. Vi gjer jobben vår og følgjer kampplanen, meiner Skjeldestad.

Burde skåra mot slutten

Sogndal var uansett nærare 1–3 enn det Sandnes var utlikning. I ein situasjon på slutten var tre Sogndalspelarar åleine med ein Sandnes-spelar, utan at det gav utteljing.

– Det er ein bra moglegheit til å setje 3-1, og den situasjonane burde vi utnytta. Men summa summarum så er vi kjempenøgde og gutane legg ned nok ein knallinnsats. Det skal dei ha, seier assistenttrenaren.

Mange kampar igjen

– Kva tenkjer du no om vegen vidare?

– Vi har spelt ein tredjedel av kampane no og vi veit kva som gjev resultat no. Vi veit kva som ikkje gjer det. Om vi klarer å halde fram med dette og ta ein kamp av gangen, så får vi telje opp etter kvart. Vi har kome godt i gang, men det er 20 kampar igjen, slår Skjeldestad fast.

Sandnes Ulf-trenar Bengt Sæternes var på ingen måte nøgd med det han fekk sjå av sitt lag i dag.

– Vi klarar ikkje å presse samla, og blir løpande ein mot ein. Eg likar dårleg at vi blir så stressa når vi kjem under, seier Sæternes til Sandnesposten.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..