Hopp til innhold

Skremmer vekk sjukepleiarane

Dårleg oppfølging i praksisperioden og få heiltidsstillingar å søkje på, skremmer nyutdanna sjukepleiarar vekk frå sjukeheimane. Det kan få store følgjer når Sogn og Fjordane fylkeskommune no spår 8400 fleire eldre over 60 år i 2030.

Marit Horstad

OFTE ÅLEINE PÅ JOBB: Sjukepleiar Marit Horstad ved Helsetunet i Førde er ofte åleine sjukepleiar på jobb. Ho vil gjerne ha fleire på vakt å støtte seg på, og trur fleire heiltidsstillingar kan tiltrekkje fleire nyutdanna sjukepleiarar til sjukeheimane.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Ofte går sjukepleiar åleine på vakt. Det hadde vore greit viss det var fleire på jobb samstundes, seier Marit Horstad, sjukepleiar ved Helsetunet i Førde.

Ho trur dette ofte er realiteten for sjukepleiarar på sjukeheimane, og det kan vere ein av grunnane til at nyutdanna sjukepleiarar ikkje søkjer seg til sjukeheimar.

Få av dei som er nytudanna sjukepleiarar i dag ynskjer nemleg å jobbe på sjukeheim.

Det viser tal frå ei undersøking gjort av Norsk sjukepleiarforbund (NSF) som NRK la fram tidlegare i år. Berre sju prosent av dei nyutdanna sjukepleiarane som svara på undersøkinga har sjukeheim som fyrsteval når dei søkjer jobb.

Auke i folketal, men berre blant eldre

Samstundes blir det stadig fleire eldre i Noreg. I 2030 vil det vere 8400 fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane, og heile folketalsveksten kjem i den eldste aldersgruppa, altså dei over 60 år. Det viser tal frå ein folketalsprognose for dei neste 15 åra som Sogn og Fjordane fylkeskommune presenterte i førre veke.

Med fleire eldre vil det bli auka press på hjelpetilboda til kommunane. Allereie no synest 60 % av kommunane i landet det er utfordrande å få tak i nok sjukepleiarar.

Spring med vaskefat

Joanna Galek

SAKNAR OPPFØLING FRÅ KOMMUNANE: Joanna Galek trur betre oppfølging i praksisperioden kan lokke sjukepleiarar tilbake til sjukeheimane.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Dersom studentane skal kome tilbake til sjukeheimane når dei er ferdigutdanna, må dei få eit riktig bilete av korleis det er å jobbe der, seier Joanna Galek, lektor og førelesar på sjukepleiarutdanning på Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Sjukepleiarstudentane får for dårleg oppfølging i sjukeheimspraksisen, meiner ho. Sjukepleiarane som skal rettleiere studentane i praksisperioden har for lite tid, og derfor blir studentane ofte brukte som ekstra arbeidskraft.

Dei kan ikkje berre springe med vaskefat rundt på avdelingane, seier Galek.

Studentane blir òg skremde av kor mange oppgåver den einskilde sjukeplearen har på sjukeheimane, trur ho.

– Vi får ikkje prøve korleis det er å vere sjukepleiar

Veronika Abbedissen og Emilie Næss

FÅR IKKJE PRØVD SEG I PRAKSIS: Sjukepleiarstudentane Veronica Abbedissen (t.v.) og Emilie Næss får ikkje skikkeleg inntrykk av korleis det er å jobbe på sjukeheim i praksisperioden.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Dette stemmer overeins med opplevingane til sjukepleiarstudentane Veronica Abbedissen og Emilie Næss frå deira praksisperiodar på sjukeheim.

– Vi får ikkje oppleve korleis kvardagen til ein sjukepleiar er på sjukeheimen. Vi får ikkje gje medisinar og vi får ikkje vere med på nokre spesielle prosedyrar som vi sjølve får gjennomføre, men det får vi i praksis på sjukehus.

Kommunane må gjere meir

På sjukepleiarutdanninga på Høgskulen i Sogn og Fjordane rettleier dei både studentar og sjukeheimstilsette i praksisperioden, men Galek meiner at kommunane òg har eit ansvar for at studentane får den faglege oppfølginga dei treng.

Jenny Følling

SKAL BLI BETRE: Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, seier kommunane må leggje til rette for både sjukepleiarstudentar og nyutdanna sjukepleiarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Kommunane bør opprette stillingar som jobbar med fagleg utvikling og kontakt med sjukepleiarstudentane når dei er i sjukeheimspraksis, seier Galek.

Ynskjer å jobbe fullt

Sjukepleiar Marit Horstad på Helsetunet i Førde trur at både fleire sjukepleiarstillingar totalt og fleire heiltidsstillingar kan lokke nyutdanna sjukepleiarar til sjukeheimane.

Det er sjukepleiarstudentane Abbedissen og Næss einige i.

- Eg har iallfall lyst til å jobbe så mykje som mogeleg, og eg vil gjerne ha ei hundreprosentstilling når eg er ferdig. Viss eg får det i kommunen i staden for på sykehuset, kan eg gjerne ta den.

Lovar betre oppfølging og fleire stillingar

– Desse signala må kommunane ta på alvor. Når dei har sjukepleiarstudentar i praksis, må dei leggje godt tilrette for dei, seier Jenny Følling, leiar i KS i Sogn og Fjordane.

Kommunane må i større grad tilby heiltidsstillingar til sjukepleiarar som ynskjer det, meiner ho.

– Det er heilt avgjerande for unge og nyutdanna som er i etableringsfasen og skal skaffa seg hus og heim.