Hopp til innhold

Skremd over alle korridorpasientane

Pasient ved ortopedisk avdeling ved Førde sentralsjukehus reagerer på forholda ved avdelinga.

- 88 år gamle pasientar ligg på TV-stovene og på gangen. Dette er heilt håplaust. Korleis kan dei liggje der andre ser på fjersyn, seier Arne Egil Eikevik til avisa Firda.

Han har sjølv vore innlagt to gonger siste månaden og seier at kapasiteteten er sprengd.

- Eg er skremd over kor mange korridorpasientar det er der, seier han

- Jobbar livet av seg

Han meiner at desse tilhøva er noko av den verste han har sett.

- Det er trongt i gangane og personalet jobbar mykje overtid ved den overfulle klinikken. Dei jobbar livet av seg. Sjukehuset må utvide avdelinga eller å ta inn færre pasientar.

- Uheldig og uønska

Avdelingssjef Bjørn Øen ved ortopedisk avdeling seier at dei forstår at folk opplevere dette som ubehageleg.

- Dette er ein uheldig og uønska situasjon. Vi gjer det vi kan for å utbetre situasjonen, seier han til avisa.

Øen seier at dei har både planlagde og akuttpasientar og at sistnemnde er noko dei ikkje kan føresjå. No har avdelinga fokus på å utbetre forholda.