Hopp til innhold

– Vi kan ikkje vere overalt alltid

Yrkessjåførar ønskjer betre vedlikehald på norske vegar, men vegvesenet gjer så godt dei kan for å handtere plutselege vêromslag.

Kulde og lite snø gir mykje telehiv, så denne våren blir det ekstra humpete på vestlandsvegane.

– Det er mange personlege tragediar på grunn av dårleg vegstandard. Vi som driv transportfirma gjer det vi kan for at bilane skal vere i topp stand. Då må vi kunne krevje at også vegane blir haldne skikkeleg ved like, det sa Gitle Sande, dagleg leiar i Nistad Transport, i dag.

Fleire yrkessjåførar var samla for å markere kravet om tryggare vegar.

Betre vedlikehald

Få betre vedlikehald på vegane er beskjeden frå Sande.

– At ein er tidleg ute og brøytar og saltar og strør med sand. Då slepp vi situasjonar der sjåførane stoppar opp og ikkje tore å køyre vidare fordi vegen er så glatt at det kan skje alvorlege ulykker, meiner han.

Gitle Sande meiner den dårlege vegstandarden har mange effektar. Det skapar mange farlege situasjonar, køyretøy vert fortare utsliten og han peikar og på ei miljømessig side.

– Å køyre frå Oslo til Otta på gode austlandsvegar kontra å køyre same distansen på ein vestlandsveg det er som himmel og ja, den andre plassen, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lastebilaksjon mot dårleg vegvedlikehald

AKSJON: Yrkessjåførar krev betre veg.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Verre år for år

– Vintervedlikehaldet har ikkje blitt betre, det blir heller verre år for år, seier Per Andreas Øren leiaren i lastebilforbundet i Sogn og Fjordane.

Han meiner den beredskapen som er ute, ser ut som den blir dårlegare, fordi vi opplev ulykker oftare.

– Det er store vêrskifter som gjer at det krev at dei som har veg og vedlikehald er ute heile tida, ikkje berre når dei blir kalla ut når det har skjedd ulykke.

Han kritiserer ikkje arbeidet dei gjer, men dei kjem rett og slett for seint.


Raskare enn før

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde er ikkje einig i kritikken som yrkessjåførane kjem med og meiner det allereie er betre.

– Viss du ser 10–15 år tilbake i tid er det vesentleg høgare ambisjonsnivåa på vinterdrifta no enn det var den gongen, seier Slinde.

Han meiner og dei er raskare på staden no enn før.

Nils Magne Slinde

VEDLIKEHALD: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Foto: NRK

– Vi brukar betydeleg meir salt og vi har mykje raskare utrykkingstid enn vi hadde tidlegare. Det har vore ei stor endring i auka standard på vinterdrifta, seier han.

Dei kan likevel alltids blir betre seier han.

–Det kan skje feil, men vi har inntrykk av at dei som er ute er flinke til å vere tidleg ute, men det kan sjølvsagt gleppe når det skjer raske vêrskifte.

– Vi kan ikkje vere ute til ei kvar tid overalt, seier Slinde.

Krevjande vintervêr

– Dei etterlyser folk som er ute, bør dei vere ute eller er det for kostbart?

–Når det gjeld vinterdrift er det ikkje økonomiskeavgrensingar. Det er slik at vi betalar entreprenøren for å vere ute og ha tilsyn med vegnettet heile tida, fortel Slinde.

Slinde seier når det gjeld kritikken og bruk av sand, får dei ofte fleire klagar på at dei saltar for mykje enn for lite.

–Raske vêromslag og ikkje føresette vendingar kan kome brått på, men mitt hovudinntrykk er at entreprenørane er flinke til å studere vêrmeldingar og prøve det ut i forkant.

Men vinteren har vore krevjande, fortel han. Plutseleg er det glatt likevel. Kuldebyger med mildeperiodar inni mellom er ikkje det enklaste.

– Vi må nesten stengje ned vegnettet dersom vi skal klare å handtere og ha sommarføre og godt vintergrep i slike situasjonar, seier Slinde.

Send inn ditt verste telehivbilete til sfj@nrk.no