Under restaurering av krambua Oddebui på gamle Lærdalsøyri fann tømrar Hallgrim Skjerdal i restaureringsfirmaet Knut Olav Lie fleire svimerke på taket.
Oddebui er ei av fire krambuer som står tett i tett midt på den eldste og mest sentrale delen av gamle Lærdalsøyri.
– Då me hadde rive vekk lekter og papp frå sperrekonstruksjonen fann me svimerke som hadde gått rett gjennom pappen og brent undertaket. Eg trur dei kjem frå brannen i Lærdal i januar 2014, seier Hallgrim Skjerdal.
Hadde flaks
Saman med tre andre kollegaer jobbar han med å fjerne råteskader i det historiske bygget. Svimerka på taket syner at brannen tok tak langt nede på Lærdalsøyri, nær 500 meter frå der brannen endeleg stogga januarnatta i 2014.
Under brannen gjekk fleire bygningar på gamle Lærdalsøyri tapt, mellom anna Synneva Eris hus, men krambuene ligg i motsett ende. Etter brannen prisa alle seg lukkelege for at den aller eldste delen av verneområdet på Lærdalsøyri gjekk fri.
Men det viser seg no at det var rein, skjær flaks. For brannane på taket av Oddebui sløkte av seg sjølv den natta.
– Svimerka har gått langt ned i undertaket og trepanelet. Eg tykkjer det er rart at det ikkje har fatna vidare. For i kombinasjon med takpapp oppå, skulle ein tru at elden hadde fatna godt, seier Skjerdal.
– Alt saman hadde brent ned
– Om dette hadde fatna, kva trur du hadde skjedd her nede?
– Då hadde det ikkje vore nokon bønn for resten av dei gamle husa som står tett i tett her. Nokre av husa er det ikkje mogleg å gå mellom ein gong. Så eg reknar med at då hadde alt samen brent ned her.
Huseigar Hallvard Trohaug får gåsehud av funnet.
– Det er ekkelt å tenkje på. Når ein ser kor tett husa ligg, er det klart at dette ikkje hadde sett bra ut, seier Trohaug.
Kunne mista heile området
Brannsjef Gaute Johnsgaard trur Lærdalsøyri hadde gått tapt om brannen ikkje hadde sløkt av seg sjølv.
– Eg er redd dette hadde blitt eit stort bål. Me hadde lite ressursar, mannskap var på veg inn, men det er store avstandar.
– Hadde vi mista gamle Lærdalsøyri om dette hadde fatna?
– Det er stor fare for at store delar hadde gått med, ja.
– Kva har blitt gjort for å forhindre dette i framtida?
– Vi har bygd ut deteksjon og meir sprinkling. Huseigarane viser også stor interesse for brannsikring. Det er blitt betre.