Hopp til innhold

Skreiv under avtale om ny superbarnehage

SOGNDAL (NRK): Om to år skal Sogndal kommune og Høgskulen på Vestlandet ha klar ein ny type barnehage, som vil bli eit utvida klasserom for høgskulestudentane. Dette kan resten av landet læra av, meiner kunnskapsministeren.

Torbjørn Røe Isaksen besøkte Vestlandsforskning

NY AVTALE KLAR: Høgskulen på Vestlandet og Sogndal kommune underteikna den nye avtalen i dag, med kunnskapsministeren til stades.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– I nasjonal samanheng så trur eg at dette er nybrotsarbeid, seier ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll.

Onsdag skreiv han under ein avtale med Høgskulen på Vestlandet om bygginga av ein ny barnehage, som skal brukast som eit utvida klasserom for studentane.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var til stades på møtet.

– At kommunen, høgskulen og sektoren har gått saman om dette, det er det som er så bra, seier Isaksen.

Inn med meir forsking

Isaksen seier at det er eit mål at alle høgskulane i landet har eit utval barnehagar, som dei har slike forsterka partnarskap med.

– Då treng vi at nokon går foran og det er det dei gjer her på Høgskulen på Vestlandet, meiner han.

Forsking skal også vere prioritert i den nye barnehagen. I Norge er det gjort lite forsking på barnehagar. Høgskulen på Vestlandet vil styrke sin kompetanse på feltet og kunnskapsministeren lova dei fleire doktorgradsstipendiatar.

– Vi vil premiere dei med pengar til fleire stipendiatar, akkurat kor mange kan ikkje seie noko om no.

Fornøgd med avtala

NØGD MED AVTALEN: Ordførar Jarle Aarvoll (f.v.), barnehagestyrar Marie Ovrid, prorektor Rasmus Stokke og kommunalsjef for oppvekst Ole Gunnar Krakhellen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Spennande for barna

Marie Ovrid er barnehagestyrar i sentrumsbarnehagen Kyrkjebakken i Sogndal. Ho meiner dette er eit viktig prosjekt.

– Det er kjempepositivt at høgskulen og barnehagen kan vere nærmare. Eg ser med spenning fram mot eit endå tettare samarbeid.

Ho meiner det er viktig at dette kjem på plass før barnehagen blir bygga, slik at det fysisk er plass til studentane. Ho trur barna vil få ein spennande kvardag i den nye barnehagen.

– Vi er vande med å ha studentar på praksis. Dei tilsette er til stades og er barna sin tryggleik, medan studentane er prikken over i-en, som gjer kvardagen endå meir spennande for barna, seier Ovrid.

Barnehagen skal ligge like ved Fosshaugane Campus og den skal etter planen vere klar i 2019.