Hopp til innhold

Skreiv gebyr under promillekontroll

Politiet har i føremiddag halde promillekontroll på fylkesveg 57 ved Flekke i Fjaler. I alt 52 bilførarar vart kontrollerte. Ingen fekk utslag. Derimot vart det skrive ut to gebyr for manglande bruk av bilbelte.