Hopp til innhold

Skreiv bøter kvart tiande minutt i snitt

På knappe tre timar skreiv Up-betjentane ut 19 fartsbøter på E16 i Flåm. Og det utan at dei kunne seie at dei vart overraska.

Politibetjent Erik Skjerdal i UP

MÅTTE FRAM MED BØTEBLOKKA 22 GONGER: UP-patruljen skreiv til saman 22 forenkla førelegg etter vel fire timar med kontroll i Flåm i Aurland i dag. Her er det politibetjent Erik Skjerdal som står med laseren.

Foto: Politiet

– Det viser seg at dette er ein plass der det jamt over er forholdsvis mange som blir bøtelagde. Og det er mange i forhold til dei fleste andre plassar der vi har kontroll, seier politiførstebetjent Svein Inge Harberg i Utrykkingspolitiet si patrulje i Sogn.

Dei hadde i dag stilt seg opp i 80-sona ved Flåm. I løpet av dei tre timane dei stod der skreiv dei i snitt ut ei fartsbot kvart tiande minutt. Føraren som var hardast på gassen forbi kontrollstaden vart mål til 106 kilometer i timen.

– Mange forklarar den høge farten med at dei har lege bak andre bilistar som har køyrt for seint, og at dei så har køyrt forbi og køyrer for fort etterpå, seier Harberg og held fram:

– Men køyrer du forbi, gjeld dei same fartsreglane. Må du litt over fartsgrensa, må du ned att i fart så fort du har moglegheit til det. Dei kjem ikkje unna bota med denne forklaringa, seier han.

E16 mellom Borlaug i Lærdal og grensa inn mot Hordaland er ei av strekningane som UP har sett som prioriterte strekningar i sommar.

Etter fleire klager om høg fart i sentrum av Flåm, stilte UP-patruljen seg også opp der i ettermiddag. Tusenvis av cruiseturistar går i land i Flåm dagleg, og med tett trafikk av gåande er det stor fare for ulukker i sentrumsgatene.

I løpet av ein time kontroll i ei 30-sone i sentrum vart tre førarar bøtelagde.

– Vi har fått klager på at folk køyrer for fort der, og det var også grunnen til at vi hadde kontroll og viste oss der i dag, seier Harberg.

Desse strekningane har UP prioritert i Vest politidistrikt: