Hopp til innhold

Skreiv song til minne om offera i busstragedia

Musikar Tor Talle skreiv måndag kveld songen «Sad Moments» for å bearbeide dei vonde kjenslene etter busstragedia, og i håp om at songen kan vere til trøyst for dei som har mista sine kjære.

Talle

STERKE KJENSLER: Musikar Tor Talle laga song for å bearbeide kjenslene etter dei tragiske drapa på Valdresekspressen måndag kveld.

Foto: Christian Blom/privat / NRK/privat

– Songen vart til same kvelden som eg høyrde dette på nyheitene. Det kom til meg. Eg sat og såg nyheitene, og hadde gitaren på fanget. Songen kom til meg heilt naturleg, heilt av seg sjølv, seier Talle.

Måndag ettermiddag og kveld kom nyheitene som mest ikkje var råd å ta inn over seg. Tre menneske vart brutalt knivdrepne på Valdresekspressen mellom Årdal og Tyin. Mellom dei den 19 år gamle Margaret Molland Sanden frå Årdalstangen.

Ein 30 år gammal asylsøkjar frå Sør-Sudan er sikta, og er varetektsfengsla i fire veker, to av dei i full isolasjon, etter drapa.

– Eg vart like sjokka som alle andre. Ein kunne ikkje tru at noko slikt kunne skje, eller skje igjen, seier Talle.

Er sjølv far til 19-åring

– Denne tragiske og triste hendinga gjorde så stort inntrykk på meg. Eg har ein son på 19 år, og han var russ i Sogndal medan Margaret var russ i Årdal. Det blei veldig sterkt, og gjekk veldig inn på meg, seier Talle.

Som musikar er han van med å få ut kjensler, både glade og triste, gjennom musikken. Og nettopp det resulterte i songen «Sad Moments».

- Eg tykte det vart fint, og dei som har høyrt det, tykte også det var ein fin song, seier Talle.

Han sende ein e-post til dei som driv minnesida "Til minne om Margaret Molland Sanden" på Facebook, og sa at dersom dei ønskte å dele songen, så kunne dei gjerne få gjere det.

Er glad viss den er til lindring

– Det var for meg ein måte å kondolere på, og syne mi medkjensle i sorga. Viss nokon kan bruke denne i ein sorgprosess eller til lindring, så er det kjekt. Personleg brukar eg musikken til slike ting, og kan eg hjelpe andre med musikken min, så er det kjempeflott, seier Talle.

Etter at songen har vorte delt på minnesida, har svært mange komme med tilbakemeldingar, både til Talle sjølv, men også på minnesida på Facebook.

– Det verkar som om det gjer godt for folk å få ein song også, midt oppe i denne fæle hendinga, seier Talle.

Rører ved alle

Talle, som er frå Leikanger, legg ikkje skjul på at dei grufulle drapa på Valdresekspressen måndag, har gått sterkt inn på han.

– Det er uråd å tenkje seg korleis dei har det, dei som sit att. Det er ein tanke som ein vert utruleg lei seg av å tenkje. Som far er det med tungt hjarte ein tenkjer på det, seier Talle.

Han jobbar til dagleg ved Sogndal vidaregåande skule, og fortel om eit utdanningsmiljø som er sterkt prega.

– Eg ser kor påverka elevane våre og kollegaene mine er. Det rører ved alle og alle har medkjensle. Det er flott at vi står i hop om dette, seier Talle.