41 potensielle skredområde skal undersøkjast - kan ta mange år

– Det vil ta fleire tiår å få kartlagd alle områda rasfarlege område i heile landet, seier avdelingsdirektør Haavard Østhagen i NVE.

Skred i Fjærland

TOK NESTEN HUSET: Dette digre raset tok nesten eit hus i Fjærland. Kartlegginga dei neste åra skal undersøkje både kjende rasstader og ras der det ikkje har gått ras.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det er eit omfattande arbeid Norges vassdrags- og energidirektorat skal til med no. I heile landet er det over 200 område som skal undersøkjast for potensielle stein, snø og jordskred.

I Sogn og Fjordane er det plukka ut 41 område, der 19 av dei har fått førsteprioritet. Ei undersøking for nokre år sidan, konkluderte med at om lag at 19 000 menneske i Sogn og Fjordane bur i område der det kan komme skred.

– Vi kjem til å starte med dei viktigast områda først, seier Østhagen.

Folkerike område først

Østhagen reknar at kartlegginga for heile landet kjem til å koste rundt 70 millionar kroner. Han veit ikkje kor tid arbeidet kjem i gang, men det er ikkje berre pengar det står på. Også tilgang på nok fagfolk er viktig for å kunne jobben.

Jaran Wasrud

GEOLOGEN: Jaran Wasrud ved NVE har vore med å setje opp prioriteringslista.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ein av dei som har jobba med dette er geolog Jarand Wasrud ved NVE sitt kontor i Førde. Han har vore med i ei gruppe som har laga ei prioriteringslista over potensielt rasfarlege området i heile landet.

Områda som er med er stort sett folka og vurderinga er gjort på bakgrunn av kor mange folk som bur der og kva typar skred som kan komme. Ein del stader er kjende skredområda, andre er det ikkje.

– Området det bur mange folk, kjem høgast opp på lista og blir difor prioriterte.

Kan slå begge vegar

Han seier at dersom det er skredfare der det bur mange folk i dag, må det ulike tiltak til.

– Det kjem an på skredfaren. Men er det er mogleg å sikre, kan det bli sett opp sikringsvollar og fanggjerder.

– Kan det bli vanskelegare å få byggje i ein del område når arbeidet er ferdig?

– Det kan bli restriksjonar på visse område. Men samstundes kan det bli opna for utbygging i område der vi trudde det var skredfare og likevel ikkje er det. Dette kan altså slå begge vegar.

Avgjerande for kommunane

Fleire område på lista er sentrum i kommunane, mellom anna Førde, Måløy og Lærdal. Arbeidet er avgjerande for kommunane som skal planleggje kvar dei kan byggje i år framover.

Video Utspørjing av Jenny Følling

VIKTIG: KS-leiar Jenny Følling håper kartlegginga skjer raskt.

Foto: Nyhetsspiller

Klimaforskarar meiner at vi får eit våtare og villare ver. Fylkesleiar i KS, Jenny Følling, meiner difor det er viktig å få på plass ei slik kartlegging raskt.

– Når kommunane skal lage arealplanar, så er kunnskap om stabilitet i terrenget veldig viktig. Eg trur når vi ser ekstremvêret vi har no, med ras på nye stader, vil det vere avgjerande at vi ikkje tillet bygging i slike område.

– Kva tenkjer du om at det kan ta mange år før kartleggingsarbeidet er ferdig?

– Vi burde intensivere dette arbeidet og sette ressursar på det. Eg trur klimaplanlegging vil bli viktigare og viktigare, og då må vi ta omsyn til dei faktorane for å unngå skade på bygningar, liv og helse.

Trur Sogn og Fjordane blir prioritert

Sjølv om prioriteringslista er klar, vil det altså ta lang til før kartlegginga er ferdig. Men avdelingsdirektør Håvard Østhagen trur det rasutsette Sogn og Fjordane kjem til å hamne høgt på prioriteringslista.

– Det er eit av dei fylka, som saman med Hordaland og Møre og Romsdal, ligg slik til at dei har mange skredutsette område, seier han.

Dette er lista for Sogn og Fjordane:

Jordskred, snøskred og steinsprang - prioriterte område

Kommune

Skredtype

Prioritet

Område

Askvoll

Steinsprang

2

Hestvika

Aurland

Jordskred

1

Aurlandsvangen, Flåm

 

Snøskred

1

Aurlandsvangen, Flåm. Gudvangen

 

Steinsprang

1

Aurlandsvangen - Låvi, Flåm, Vassbygdi

Balestrand

Jordskred

1

Balestrand sentrum nord

 

Snøskred

2

Balestrand, Esefjorden, Sværafjorden, Vetlefjorden

Bremanger

Jordskred

1

Bremanger sentrum, Svelgen nord

Eid

Snøskred

2

Nordfjordeid, Eidsfjorden

Førde

Jordskred

2

Førde sentrum sør /Hafstad, Bergum/Haugum, Kyrkjebø, Slåtten, Vieåsen

 

Snøskred

2

Angedalen, delar av Holsavatnet

 

Steinsprang

2

Vieåsem

Hornindal

Jordskred

1

Hornindal sentrum

 

Snøskred

2

Hornindal

Hyllestad

Snøskred

2

Sørbøvågen, Hovland

Høyanger

Jordskred

1

Høyanger sentrum, Kvammen, Austreim

 

Snøskred

2

Høyanger

 

Steinsprang

1

Høyanger - Dale, Osland

 

Steinsprang

2

Vadheim

Jølster

Snøskred

1

Årdal - Skei, Ytrebø, Heggheim - Flata, Høyset - Hamrane, Vassenden, sørsida av Jølstravatnet

Luster

Jordskred

1

Gaupne

 

Jordskred

2

Luster

 

Snøskred

1

Gaupne - Høyheimsvik, Solvorn, Jostedalen, Luster - Skansaneset, Moen - Skjolden - Fortun

 

Steinsprang

1

Gaupne

 

Steinsprang

2

Heggestad, Kruna, Fortun - Legene, Espe - Kjervik - Nyheim

Lærdal

Snøskred

1

Lærdalsøyri - Ljøsne, Husum - Kvenshaugen

 

Steinsprang

2

Lærdalsøyri - Hauge, Tønjum - Haugshagan - Mjelde, Ljøsne - Sletten, Grøte - Øystad - Øvstabø - Rikheim, Bjoråk, Borlaug - Svingen, Teigum - Hegg - Oddheim, Borgund

Selje

Steinsprang

2

Selje - Stranda, Rundereim

Sogndal

Jordskred

1

Sogndal sentrum nord og sør

 

Jordskred

2

Bjørk ved Kaupanger

 

Steinsprang

2

Fardal - Ylvisåker

Stryn

Jordskred

1

Bø ved Stryn sentrum nord

 

Jordskred

2

Visnes ved Stryn sentrum, Hildestranda i Innvik, Muristranda i Olden

 

Snøskred

1

Stryn, deler langs sørsida av Strynevatnet, Loen, Olden, Briksdalen

 

Steinsprang

2

Olden - Flata, Eide - Melein, Kvame

Vik

Snøskred

2

Vikøyri, Arnafjorden

Vågsøy

Jordskred

1

Måløy sentrum

 

Jordskred

2

Tennebø, Raudeberg

 

Snøskred

2

Måløy, Refvika, Vågsvåg, Kapellneset - Nordvågsøy

Årdal

Snøskred

1

Seim, Årdalstangen, Øvre Årdal

 

Steinsprang

1

Årdalstangen, Øvre Årdal, Tronteigen

Kjelde: NVE