Hopp til innhold

Skredfaren gir dyrare tomter

I Årdal er skredfaren så stor at alle som vil byggje hus - eller byggje på - må få tomta vurdert av ein geolog.

Store steinar i vegbana

RAS I ÅRDAL: Synet av steinsprang er ikkje uvanleg i Årdal. No kan det koste privatpersonar dyrt i samband med ny- eller påbygg i kommunen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Norges geologiske undersøkingar (NGU) sine nye aktsemdskart syner at nesten heile Årdal er merkt med raudt - noko som indikerer skredfare, skriv Sogn Avis.

- Før gjaldt aktsemdskartet til NGU berre steinsprang, men etter at NGU publiserte nye aktsemdskart om snøskredfare på seinsommaren i fjor, fekk kommunen større utfordringar, seier Stine Mari Måren Elverhøi i teknisk etat i Årdal kommune til avisa.

No må alle som vil byggje nytt eller byggje på få tomta si vurdert av ein geolog.

- Vi kan ikkje ge byggjeløyve utan at det er dokumentert at byggjetomta er trygg. Eg føler at vi er makteslause, fordi om det skjer noko med bygget etter løyva vi har gjeve ut, vil kommunen truleg sitje att med ansvaret åleine, seier Måren Elverhøi til Sogn Avis.

LES OGSÅ:

- Heile Årdal er ramma av moglege snøskred frå både nord og sør. I verste fall kan heile Årdal verte dekte av snø, seier fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes til avisa.

Video Kritisk til skredkart

Sjå innslaget som gjekk på Vestlandrevyen