Hopp til innhold

Vegen mellom Nordfjordeid og Stryn blir først opna måndag

Raset i Skredestranda mellom Stryn og Eid er så stort, og oppryddingsarbeidet så omfattande at vegen tidlegast blir opna måndag.

Skredestranda opprydding

OPPRYDDING: Tre, steinar, jord og rotvelt kom ned i vegen ved Skredestranda.

Foto: Øystein Torheim

– Det er fleire ras, og eit veldig stort ras som har kome ned i Skredestranda.

– Det losna 500–600 meter over riksveg 15, og raset er 200–300 meter breitt, seier avdelingssjef i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Raset har teke med seg alt av tre, tømmerstokkar, rotvelter og jordmassar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opprydding i Skredestranda

LANG OPPRYDDING: Vegen ved Skredestranda mellom Eid og Stryn blir først opna neste veke.

Foto: Øystein Torheim

Uvisst skadeomfang

– Alt ligg i kaos nede på vegen, og det er ein stor jobb å rydde opp. Vi er også usikre på om vegen under er skadd.

– Vi hadde folk ute i båt for synfaring, og det kan sjå ut som vegen er skadd, men det er vanskeleg å seie, seier Slinde.

Skal vurdere rasstaden frå lufta

Sidan vêret har letta litt den siste tida vil det også snart vere eit helikopter med geologar i lufta for å sjå nærare på rasstaden.

– Dei kan eventuelt gje eit klarsignal om det er trygt å rydde nede på vegen. Då vil alle ressursar bli sette inn for å rydde, men med mange stengde vegar kan det vere vanskeleg å få folk og utstyr dit.

– Vegen blir i alle fall ikkje opna før ut i neste veke, seier Slinde.