Skred stoppa få meter frå hus

Seint laurdag kveld gjekk det eit stort skred i Fjærland som stoppa berre få meter frå eit bustadhus der det bur fire personar. I berre trusa sprang Inge Berge ut for å sjå.

«»Skredet gjekk i 22.30-tida i går kveld og det skal vere omlag 400 meter breitt. Det stoppa omlag 50 meter frå vegen.

Sprang ut i trusa

Inge Berge og kona hadde akkurat kome heim frå ein tur og såg slutten på Farmen på TV. Då høyrde dei at det buldra i fjellet.

– Det var rimeleg heftig og det buldra godt. Lyden var som om eit hus blir knust.

I berre trusa sprang han ut for å sjekke korleis det såg ut.

– Det var rett opp av stolen og ut. Vi visste kjapt kva som hadde skjedd. Folk på andre sida av dalen høyrde også godt kva som skjedde.

– Vi sprang for livet, enkelt og greitt, seier kona Tone.

Dei fortel at det var over i løpet av ti sekund.

– Vi tenkte ikkje, vi berre sprang. Mange ras går sakte, men dette kom kjempefort, fortel ho.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Skredet stoppa få meter frå huset

SJÅ VIDEO: Ekteparet Berge fortel om det dramatiske skredet som stoppar nær huset deira.

Raset hadde stoppa berre ti meter får verandaen og fem meter frå garasjen.

– Det har aldri kome eit så stort skred her så lenge vi har budd her.

Det er ein familie på fire som bur i huset, men borna på fem og sju år var ikkje heime då skredet kom. Familien valde sjølv å evakuere og flytte til ein annan stad i Fjærland i går kveld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skred i Fjærland

FARE FOR NYE SKRED: Ifølgje geologen er er meir snø oppe i fjellet.

Foto: Laura Kvamme

Ikkje redde

Det store skredet kom ein stad som blir heiter Skrea, midt mellom Mundal sentrum og bremuseet i Fjærland i Sogndal kommune. Berge seier skredet har losna høgt oppe i fjellet, truleg opp mot 1000 meter.

I 1997 kom det også eit skred, men det var ikkje så stort som dette. Den gongen var dei evakuerte ein dag eller to. No får dei flytte heim tidlegast fredag. I føremiddag har familien fått lov å hente nokre av tinga sine.

– Det er meir snø i fjellet og det er meldt dårleg ver tysdag og onsdag, difor må vi bu vekke nokre dagar.

– Er de redde å bu her?

– Nei, det er vi ikkje. Det er berre slik det er. Vi har budd her så lenge at vi veit kva som skjer, seier Inge Berge.

Kan komme fleire skred

Då det blei dagslys, kom ein geolog til staden. Operasjonsleiar Espen Gulliksen seier at det er meir snø i fjellet og det kan komme ned i same bane.

– Difor blir familien evakuert nokre dagar til, seier han.

Større enn vanleg

Leiar i Fjærland bygdalag, Hans Haugen, har vore på staden saman med politiet, geologen og representantar frå Sogndal kommune.

– Staden har fått namn fordi det går årvisse skred i området. Men dette var større enn vanleg. Slike store skred plar komme med 20 års mellomrom, fortel han.

Ifølgje politiet skal det ikkje vere andre hus som er utsett i området og det er difor ikkje behov for ytterlegare evakuering.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.