NRK Meny
Normal

Teddy er ein hund etter stålis

Både små og store har fått testa balansen på skøyteisen i helga. Litt knall og fall må det jo bli.

Hunden Teddy elskar skøyteisen. Det får også dei minste glede av.

HUNDEGAL: Teddy er av natur ein hund som er eigna for å dykke, men det ser ut som han likar seg like godt oppå isen.

Mange har testa islagde vatn rundt omkring i fylket. Fleire stadar har stålisen lagt seg på mindre vatn, og gitt folk høve til å leite fram skøytene og pusse støv av gamle kunstar på glattisen.

Teddy er ein hund etter is

IVRIG: Teddy er klar for leik, så å stå bunden til eit tre på land er ikkje populært.

Foto: Norodd Støfring

For Teddy som er ein vasshund ligg det meir naturleg å vere under vatn og dykke etter ting. Men i kulden finn han seg særdeles godt til rette også vatnet og gjer seg raskt til ein populær kompis på isen.

Med hockeykøller og hjelm har det blitt spelt meir eller mindre alvorleg hockeykamp på Dalevatnet på Støfring i Jølster. Her la stålisen seg tidlegare i veka, så vatnet har plutseleg blitt ein populær møteplass i vinterkulden.

Inspirerte av stålis og leik har hockeykøller og skøyter blitt leita fram i helga.

PÅ RUMPA: På Dalevatnet på Jølster er det hockeyfeber og full innsats.

På Digernesvatnet i Førde har det vore mykje skøyteaktivitet i helga. Laurdag leika sola med silhuetten av Olav.

Isleik på Digernesvatnet i Førde

ISLEIK: Sola leika med Olav Sanne-Gundersen på Digernesvatnet i helga.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen

Søndag er temperaturane av ein heilt annan karakter, og det er snø i lufta. Dermed kan det vere fornuftig å bruke isen før snøen legg seg, og ikkje minst vere ekstra påpasselege for at isen ikkje er så sterk lenger når det blir mildare temperaturar.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå