NRK Meny
Normal

Skote to jerv – jaktar på den tredje

Det er gitt løyve til å felle tre jerv i Sogn og Fjordane. To av det frykta rovdyret er allereie skotne.

Jerv

BEDØVINGSPIL: Her er jerven skoten med bedøvingspil.

Foto: SNO-Aurland-rovviltseksjonen

Trass i ei intens jakt, så vart det ikkje felt jerv under lisensjakta som varte fram til 15 februar i år. Statens naturoppsyn gjer difor såkalla ekstraordinære uttak for å beskytte sau og tamrein.

– I går fekk vi eit oppdrag på å gjere eit forsøk på uttak av jerv. Det har vore ein del skade på beitedyr, så då er det aktuelt å regulere. Når ein ser at det er jerv i området, så er det aktuelt å gå inn med tiltak for å ta vekk desse, seier Rein-Arne Golf som er regionalt viltansvarleg i Statens naturoppsyn.

Årets to første jerv vart i går avliva i Luster og i Årdal.

Om ikkje mange månadane skal sau og lam beite. Jerven er eit frykta rovdyr for beitenæringa i Sogn og Fjordane.

– Dette var eit vedtak som miljødirektoratet fatta på tysdag. Det vil vare fram til 24. april, seier Golf.

Jerv

SJEKKE KJØNN: Etter at bedøvingspila er sett blir jerven undersøkt for kva type kjønn den er.

Foto: SNO-AURLAND- rovviltseksjonen

Jaktar framleis på den tredje

I vedtaket frå miljødirektoratet var målet å ta ut tre dyr. Den tredje jerven går i området ved Naustdal, fortel Golf.

– Vi har eit oppdrag med å ta ut ein jerv i Naustdalområdet. Jerven kom seg lågt i terrenget. Det gjorde at det var vanskeleg å spore dyret, så den slapp unna.

Jerven er sky, og held seg ofte høgt til fjells, noko som gjer jervejakt vanskeleg. I tillegg må vêret spele på lag med jegerane.

– Vêret avgjer om vi kan felle eit dyr eller ei. Vi er avhengige av gode forhold over eitt døgn eller to for å kunne følge spor, samt godt lys for å kunne bruke helikopter, seier Golf.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.