Stjerneregissør Harald Zwart er snart klar med «Den 12. mann», eit krigsdrama som fortel historia om den dramatiske flukta til den norske motstandsmannen Jan Baalsrud.
Broren Alexander Einemo Zwart fyller ei av rollene som motstandsmannen Sjur Olai Trovåg frå Solund, som vart torturert og drepen av Gestapo.
Harald Zwart budde fleire år av ungdomstida si i Lærdal. Det er regissøren sjølv som har ytra ønske om ein førpremiere i sognebygda, slik han også hadde med filmen «One night at McCool's» for nokre år sidan.
– Harald har familien sin i Lærdal. Han har lagt vekt på å invitere alle klassevenene frå ungdomsskulen til denne førpremiera, seier kulturleiar i Lærdal, Magne Grøttebø.
Andre verdskrigdrama
«Den 12. mann» er eit stordrama frå andre verdskrigen som går føre seg i Troms i 1943. Tolv motstandsmenn på ei fiskeskøyte blir overraska av tyske soldatar. Elleve mann blir torturert og drepen, berre den tolvte slepp unna.
Skoten i foten, gjennomvåt og med hundre meters forsprang flyktar Jan Baalsrud ut i den nådelause, nordnorske vinteren med Gestapo i hælane.
Heilt uvitande om at vilja han viser til å overleve, vil gjere han til eit symbol for den norske motstandsrørsla, står det å lese i marknadsføringsmaterialet til filmen.
Jan Baalsrud si to månadar lange flukt til Sverige blir framleis rekna som ei av dei mest utrulege historiene frå andre verdskrigen, og vart første gong dramatisert på film i 1957, i «Ni liv» av Arne Skouen.
Besøker ofte
Førpremiera vil skje i Lærdal kino, som ligg i Lærdal kulturhus, torsdag kveld 21. desember.
Kulturleiar Magne Grøttebø ser fram til førpremiera og avslører at han er fan av Hollywood-regissøren.
– Ja, eg tykkjer at det som Harald regisserer, osar av kvalitet, seier Grøttebø.
– Kva forhold har Zwart til Lærdal i dag?
– Han er her om somrane, og vitjar familien sin ofte.
«Den 12. mann» er ein av dei dyraste norske filmproduksjonane nokon gong.
Under kan du sjå ein av trailerane: