Skodespelarar rørt til tårer på scena

FØRDE (NRK): Sogn og Fjordane teater satsar i år på framsyningar som set søkjelys på kontroversielle tema rundt barn og ungdom. Det har vore tøft for skodespelarane.

Skodespelar Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen i stykket "Alt det lyse og alt det mørke"

I HOVUDROLLENE: Skodespelar Reidun Melvær Berge og Kyrre Eikås Ottersen i stykket «Alt det lyse og alt det mørke»

Foto: David Zadig / Sogn og Fjordane Teater

– Eg veit at nokon av skodespelarane våre har gråte på kvar prøve, seier produksjonsleiar Karoline Solbakken.

I desse dagar er Sogn og Fjordane teater aktuelle med årets første framsyning «Alt det lyse og alt det mørke». Framsyninga, som er basert på ein roman av Brynjulf Jung Tjønn, omhandlar omsorgssvikt og korleis det kan gå frå generasjon til generasjon.

Utmatta og tom etter forestilling

Skodespelar Reidun Melvær Berge, som har hovudrolla i den aktuelle framsyninga, tykkjer det har vore utfordrande å gå inn i rolla som den unge jenta «Vibeke».

– Eg er så heldig at eg kan skru av etterpå. Men ein går jo igjennom dei emosjonane som dette barnet går gjennom, og eg vert ofte litt utmatta og tom etter ei silk framsyning.

"Vibeke" er eit einsamt barn, som opplev omsorgssvikt i oppveksten.

KREVJANDE: Reidun Melvær Berge, tykkjer det tidvis har vore emosjonelt krevjande å gå inn i rolla som «Vibeke», grunna den sterke historia bak.

Foto: David Zadig / Sogn og Fjordane Teater

Skodespelaren trekker fram at ho meiner teateret gjer ein viktig jobb i å ta opp tøffe tema, som omsorgssvikt – då det kan belyse samfunnsproblem på ei litt anna måte, enn andre arenaer.

– Når det er fiktivt slik som på teateret, så kan ein ta det opp fordi det kan gjelde mange utan at nokon blir utlevert, i motsetning til andre plenum. Framsyninga plasserer ikkje skuld hos nokon. Eg kan ikkje forsvare handlingane, men likevel kan eg forstå korleis dei kan oppstå, og det er også veldig viktig, seier Berge.

Hard realitet for mange

Produksjonsleiaren fortel at skodespelarane har vorte godt tekne vare på av instruktørane bak stykket, men seier at den tunge bodskapet bak historia har vore vanskeleg å ta avstand frå, sjølv for profesjonelle skodespelarar på settet.

Stykket omhandlar omsorgssvikt, og kor vidt det kan gå i arv. Det følger hovudpersonen «Vibeke» frå ho veks opp, til ho sjølv blir mor i ung alder. Historia blir fortalt frå barnets perspektiv.

– Det er ein veldig tøff historie, og sjølv om dette er fiksjon så er det dessverre også realiteten for veldig mange, seier Solbakken.

Bilete frå forestillinga "Alt det lyse og alt det mørke"

DRAMATISK FORTELJING: «Alt det lyse og alt det mørke» er ei dyster forteljing om omsorgssvikt, og korleis det kan gå i generasjonar

Foto: David Zadig / Sogn og Fjordane Teater

Teatersjefen ønskjer meir openheit

På repertoaret for 2019 vert det eit ekstra fokus på samfunnsaktuelle tema som oppvekst, omsorgssvikt og kjønnsidentitet. Teatersjef Bodil Kvamme meiner det generelt bør vere meir openheit rundt slike tema. Ved å snakke høgt frå scena, håpar ho at teateret kan vere ein arena som set eit større fokus på akkurat dette.

Teatersjef for Sogn og Fjordane, Bodil Kvamme, på kontoret.

MEIR OPENHEIT: Teatersjef Bodil Kvamme ønskjermeir openheit om vanskelege tema rundt barnets oppvekst.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Dersom du går på teateret og opplever at desse historiene snakkar til deg, så er det kanskje noko du tar med deg vidare i ditt daglege liv, og snakkar om med andre i etterkant, seier Kvamme.

Frir til ungdommen

Kvamme seier at tematikken i år er meint å tale litt ekstra til ungdommen og at ho difor håpar på om at fleire frå den «yngre garde» ønskjer å ta turen innom dørene, i 2019.

– Me håpar spesielt at ungdom og unge vaksne kjem på framsyningane, men alle er sjølvsagt velkomne til å komme og sjå, seier teatersjefen.