Hopp til innhold

Skjolden får hurtigrutebesøk

– Når vi no skal inn i Norges djupaste og lengste fjord, så blir det lagt merke til, seier Odd Tore Skildheim i Hurtigruten.

Hurtigruta i Luster 2015

TIL LUSTER ATT: Eitt av hurtigruteskipa fotografert utanfor Dale kyrkje i Luster i april 2015. No er det duka for nytt tokt til Lustrafjorden.

Foto: Svein Tore Heltne

For Hurtigrute-besøk inn Sognefjorden høyrer til sjeldanheita. Og for Skjolden sin del blir det første besøk av Hurtigruten, når den klappar til kai 1. april.

Om ikkje det er nok, så blir det ytterlegare tre tredagarsturar fram til 11. april.

– Vi fekk ei lita justering ved vedlikehaldsplanar, så det gav oss nokre dagar til å gjere noko annleis. Då er ikkje vegen lang til å segle inn Sognefjorden, seier produktsjef for Norskekysten i Hurtigruten, Odd Tore Skildheim.

Imponert næringssjef

Olav Grov, næringssjef Luster

GLER SEG: Næringssjef Olav Grov i Luster seier det er stas å få Hurtigruten på besøk.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Eit tidleg vårbesøk frå Hurtigruten er ikkje noko næringssjef i Luster, Olav Grov, vil takke nei til.

– Det er morosamt og kjekt at du får Hurtigruten på besøk på ei tid av året der det ikkje er så mykja anna som skjer på turistfronten, seier han.

– Kva kan de tilby?

– Hurtigruten har saman med lokale aktørar laga eit utflukter. Det blir rib-båt, korte fjellturar, tur til Breheimsenteret og tur til Urnes. Eg er imponert over at ein får fiksa slikt i starten av april.

Satsingsområde

Grov seier besøket frå Hurtigruten passar godt inn i arbeidet med å utvide turistsesongen.

– Det er eit langt lerret å bleike, men det skjer positive ting på fleire nivå. Det går rette vegen, seier han.

I Hurtigruten trur Skildheim at besøket i Skjolden kan føre til fleire turar inn den 205 kilometer lange fjorden. På sitt djupaste er Sognefjorden 1 308 meter.

Aktiv oppleving

For interessa for vinterturisme er aukande.

– Det ser vi på seglingane våre på Svalbard, Grønland og Antarktis. Når vi gjer noko spesielt på kysten, så blir det lagt merke til. Og vi har så utruleg mykje flott å ta av, seier Skildheim.

Spesielt aktive opplevingar som nordlys og skiturisme trekkjer turistar til Norge.

– Den har vore aukande gjennom fleire år, og det er mange årsaker til det. Vi har satsa meir på det og vi har utvikla gode produkt saman med lokale aktørar, avsluttar han.