Hopp til innhold

Skjerpar våpenkrav etter trippeldrapet

Etter trippeldrapet i Årdal strammar politiet ytterlegare inn sine våpenrutinar. No får ingen utan våpengodkjenning vere i vaktberedskap.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

VÅPENKRAV: Berre politifolk med våpengodkjenning får no køyre patrulje. Innskjerpinga kjem i kjølvatnet av trippeldrapet på Holsbru i Årdal i november i fjor.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Vi vil sikre at første politipatrulje på staden har våpengodkjenning, seier beredskapsdirektør Kaare Songstad i Politidirektoratet til NRK.no.

Hadde ikkje med seg våpen

Politiet i Sogn og Fjordane måtte tole krass etter trippeldrapet i Årdal i starten av november i fjor.

Tre personar var då drepne av ein asylsøkjar, og politiet kom ikkje fram før etter at drapsmannen var overmanna av personell frå ambulanse og brannvesen.

Kritikken mot politiet fekk ny kraft då det viste seg at den eine av dei to politibetjentane i patruljen som rykka ut, ikkje hadde løyve til å bere våpen. På grunn av dette hadde også den andre politimannen, som hadde våpengodkjenning, lagt att våpenet.

Kjetil Drange i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane sa etter hendinga at politimennene handla etter instruksen dei hadde fått av politidistriktet.

Skjerpa rutinane to veker etterpå

Kaare Songstad

DIREKTØR: Kaare Songstad er beredskapsdirektør i Politidirektoratet.

Foto: NRK

Kort tid etter trippeldrapet kom ei presisering frå Politidirektoratet.

Der presiserte dei at alle patruljer skal ha med seg våpen, sjølv om ikkje alle tenestemennene er godkjente for å bruke dei.

– Vi ønskjer å presisere regelverket, og pålegg væpning også av køyretøy der berre éin har våpengodkjenning, sa Kaare Songstad i Politidirektoratet til Bergens Tidende i november.

Får ikkje køyre patrulje

Tre månader seinare strammar politiet ytterlegare inn sine våpenrutinar. Frå hausten av kan ikkje lenger politibetjentar utan våpengodkjenning køyre patrulje.

– Det vi forsøker unngå er at første patrulje på staden ikkje er sett opp med våpengodkjent personell. Det er det dette handlar om, og det er det vi no får på plass, seier Songstad.

– Det vi oppnår med dette er at vi får ein felles standar for heile landet på dette, og dei mannskapa som går i patrulje og vaktteneste har minst denne kompetansen, seier han vidare.

Problemstillinga har vore tema ei stund, seier han.

– Dette har vore eit kjent tema lenge og vi har jobba med det ei stund. Men den har blitt aktualisert på nytt etter hendingane i Sogn.

Applauderer direktoratet sitt pålegg

Etter trippeldrapet kartla politiet kor mange som er i vaktberedskap utan våpengodkjenning. Hovudverneombod i politi- og lensmannsetaten, Audun Buset, seier det kom fram at ein del distrikt brukte betjentar utan våpengodkjenning i vaktberedskapen.

At Politidirektoratet som følgje av dette no har skjerpa inn krava er Buset glad for.

– Eg synest praksisen vi har hatt har vore svært problematisk, og eg har vore opptekne av å stoppe den måten å organisere verksemda vår så raskt som mogleg.

– Eg er svært nøgd med at Politidirektoratet har kome fram til denne konklusjonen, seier Buset til NRK.no.

Han seier det er viktig av omsyn til tryggleiken for både politiet sjølve, andre naudetatar og ikkje minst borgarane dei skal beskytte.

Kjetil Drange

POSITIV: Kjetil Drange er leiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er heilt nødvendig at dei som skal vareta tryggleiken, noko som også medfører å væpne seg i enkelte situasjonar, har godkjenning og er trente på dette, seier Buset.

– Vil utfordre vaktkabalen

I Sogn og Fjordane er det til dømes 12 tilsette i politiet som ikkje har våpengodkjenning, såkalla IP5. Dermed får dei altså ikkje lenger lov til å køyre patrulje.

Fylkesleiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange, er glad for at reglane blir innskjerpa. Men skjerpa reglar vil også utfordre vaktkabalen i politidistriktet.

– Dette kravet, men også stadige krav til spesialisering på andre felt, viser at vi må ha fleire folk. Dei som allereie er utdanna må få tilbod om jobb, og her i Sogn og Fjordane er vi meir enn villige til å ta imot dei, seier Drange.