Hopp til innhold

Skjering mellom samarbeidspartia i Bremanger

Magne Kjerpeset i Bremanger Senterparti er opptrekt over at ordførar Audun Åge Røys (H) har snakka med kommunalministeren utan å ta dei med.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

FÅR KRITIKK: Ordførar Audun Åge Røys (H) i Bremanger har erta på seg Senterpartiet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Senterpartiet var med på å gi Røys og Høgre ordførarklubba etter valet i 2015. No er samarbeidsklimaet ikkje det heilt store. Kjerpeset er svært kritisk til at Røys etter hans syn berre tok med seg folk som er positive til kommunesamanslåing i møtet med Jan Tore Sanner.

– Vi fekk aldri noko tilbod om å delta på det møtet. Vi meiner at gruppeleiarane i dei ulike partia burde ha vore inviterte. Han tok med seg gruppeleiarane til Venstre og Arbeidarpartiet. Då eg spurde sa Røys at han ville ha med støttepartia til regjeringa.

– Sterkt kritiske

Då Kjerpeset spurde kva tid Arbeidarpartiet hadde blitt eit støtteparti for regjeringa endra Røys ifylgje Kjerpeset forklaringa til at han ville ha med Arbeidarpartiet fordi det var største partiet, og at Vågsøy og Flora ville ha dei med fordi dei var Arbeidarparti-styrte kommunar.

– Vi i Senterpartiet er sterkt kritiske til at vi ikkje fekk vere med på denne turen. Slikt politisk arbeid er ubrukeleg om vi skal halde fram å samarbeide i framtida, seier Kjerpeset.

Han seier at då Sp sa ja til å støtte Røys som ordførar spurde han om dei skulle gå inn for å halde på Bremanger som sjølvstendig kommune.

– Han svara at han ville stå på sjølvstende, og så gjekk vi til val. Den lovnaden står han ikkje ved. Det er skuffande at ikkje eit ord er eit ord.

– Veit kva dei står for

Ordførar Audun Åge Røys seier at meininga med turen til Oslo var å snakke fram kystsamarbeid og hindre tvangssamanslåing.

– Då måtte vi snakke med dei som har opna for tvang, og det er våre eigne i Høgre, saman med Frp og Venstre. Ap var eg usikker på, men dei har avklara det i ettertid.

– Kvifor vart ikkje Senterpartiet invitert?

– Vi veit kva dei står for, dei er imot samanslåing, så eg såg ikkje noka hensikt i å ta dei med for å overtyde nokon.

– Står du fast på at du ikkje vil at Bremanger skal slå seg saman med nokon?

– Vi har vedtak i kommunestyret på at vi ikkje skal slå oss saman. Vi går inn for kystsamarbeidet.

– Er det dårleg samarbeidsklima mellom maktkameratane i Bremanger?

– Det har ikkje vore det, men Sp er ikkje akkurat dei som har fronta godt samarbeid.

– Bør gå stille i dørene

Ordførar Røys trekkjer og fram at Senterpartiet i siste formannskapsmøtet før Oslo-turen føreslo at rådmannen burde vere med fordi han var den beste til å tale interessene til Bremanger.

– Det uttrykkjer ikkje akkurat tiltru til ordføraren. Sp bør gå litt stille i dørene.