NRK Meny
Normal

Skjer det ei ulykke, kan ikkje lensmannen rykkje ut – han har ikkje politibil ...

På Selje lensmannskontor sit det ein lensmann. Men han har ikkje noko utrykkingskøyretøy.

Kjetil Drange

IKKJE NØGD: Lensmann i Selje, Kjetil Drange.

Foto: Politiet

– Her finst det ikkje noko utrykkingskøyretøy, så det vert ikkje køyrt noko utrykking her dersom noko skulle skje. Det er ikkje økonomi til å ha ein bil her, seier lensmann i Selje, Kjetil Drange, som har sete i jobben i knapt to veker.

– For å køyre utrykking må vi ha eit utrykkingsgodkjent køyretøy. Når vi ikkje har ein slik bil, vert det andre kontor som må utføre den utrykkinga, seier Drange.

Næraste lensmannskontor vert då Vågsøy eller Eid i Sogn og Fjordane, eller Vanylven i Møre og Romsdal.

Kan bestille drosje

– Men det er rimeleg langt unna. Eventuelt kan vi bestille drosje og køyre ordinært til dei som eventuelt treng hjelp, seier Drange.

Han peikar på han heller ikkje er spesielt lysten på å bruke sin eigen privatbil til andre politioppdrag, som ikkje krev utrykking.

Eg er ikkje akkurat stolt av bilparken vår, og hadde gjerne sett at ting var annleis.

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden

– Det er ikkje akkurat ønskjeleg å køyre overstadig rusa personar i same bil som eg seinare skal bruke til å køyre borna mine på skulen i, seier Drange.

Nær halvparten av politibilane i fylket er mellom åtte og ti år, og mange av dei er så slitne og har gått så langt at dei burde vore skifta for lengst.

Meiner situasjonen er prekær

Drange, som også er tillitsvald i Politiets Fellesforbund Sogn og Fjordane, tykkjer situasjonen er trist.

– Det er trist at vi skal ha ein bilpark i Sogn og Fjordane politidistrikt som er i så dårleg stand at det går ut over drifta av politidistriktet, seier Drange.

Han karakteriserer situasjonen som prekær.

– Dei som løyver midlane må forstå at ein anten har ein polititeneste der vi ikkje leverer optimalt. Eller så må det komme pengar slik at vi kan kjøpe utstyr for å sikre ei forsvarleg drift, seier Drange.

SJÅ: Tv-sak frå Vestlandsrevyen (13. okt) om bilsituasjonen i politiet:

I Selje må politiet ringje etter taxi, dersom dei må rykke ut.
Lensmannskontoret har nemleg ikkje tilgang på politibil.

Meiner beredskapen er vareteken

Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, veit at dei tilsette har utfordringar knytt til bilparken.

– Eg er ikkje akkurat stolt av bilparken vår, og hadde gjerne sett at ting var annleis, seier Iden.

Ronny Iden

MÅ PRIORITERE: Politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han peikar likevel på at beredskapen er vareteken, sjølv om lensmannen i Selje er utan utrykkingskøyretøy.

Hadde vore ein fordel med bil

– Beredskapsressursane våre har alltid tilgjengeleg bil. Men det er praktiske utfordringar med å få den daglege drifta til å gå rundt når ein ikkje har bil, seier Iden.

– Men skjer det ei ulykke i Selje og politiet må rykkje ut frå Vågsøy, så vert det fort fire-fem mil ekstra å køyre?

– Ja, det gjer det. Slik sett kunne det med fordel vore ein utrykkingsbil i Selje. Men beredskapen er knytt til ein anna patrulje som har eit større område å dekke, seier Iden.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå