Då skulle ein tru at alle var nøgde. Måløydagane, med prosjektleiar Helge Hjelle i spissen, fekk løyvet sitt, og politikarane stemte for dette med seks mot tre stemmer. Men så enkelt er det ikkje.
Lang debatt
Dette har vore ein lang debatt, som starta etter at Måløydagane søkte om skjenkeløyve første gong i september i fjor. Dei fekk då avslag med følgjande grunngjeving:
"Formannskapet ser på torgarealet i Måløy som eit sentralt offentleg rom som bør haldast fritt for skjenking av alkohol. Det er også uheldig at det vert lagt opp til skjenking i eit område som tiltrekkjer seg mengder av born og unge i same periode som skjenking skal gå føre seg..."
Sende ny søknad...
Måløydagane klaga på dette vedtaket, men sende også inn ein ny søknad så seint som 11. mai, med forslag om å flytte skjenketeltet 300 meter lenger nord i same gate. Og då snudde politikarane. Blant desse var Olaf Barmen i Frp. Men etter at Olaf Barmen stemte mot skjenkeløyve i samband med den første søknaden frå Måløydagane, vart han skulda for å konspirere med restaurantnæringa i Måløy.
...og klaga på avslag
Desse konspirasjonsteoriane var noko av grunnen til at dei ansvarlege i Måløydagane klaga på det første avslaget om skjenkeløyve, der dei meinte at Olaf Barmen var inhabil. Det same meinte dei om Høgremannen Ragnar Hagen.
Både ja og nei
Denne klagesaka etter det første vedtaket var også oppe i Formannskapet i går, og Formannskapet avviste klagen. Slik vart det gamle vedtaket om nei til skjenkeløyve ståande etter gårsdagens møte. Men Formannskapet sa på det same møtet ja til skjenkeløyve som følgje av den nye søknaden frå Måløydagane.
Saka ikkje avslutta
Ein kan jo berre legge til at punktum for saka enno ikkje er sett, for no skal nemleg Fylkesmannen handsame klagesaka etter det første vedtaket Formannskapet gjorde.