Hopp til innhold

Skjemmest over prestegarden

Sokneprest Vidar Bjotveit i Jølster forstår godt at folk i bygda skjemmest over prestegarden som står til forfall på Ålhus. Det gjer nemleg han og.

Prestebustaden på Ålhus i Jølster

TIL FORFALL: At folk i bygda er skjemde over prestebustaden på Ålhus er noko også soknepresten forstår godt.

Foto: Signe Bjotveit

Til Bergens Tidende seier Bjotveit at også han er skjemd over tilstanden til prestegarden på Ålhus.

I sommar hadde han fått så mange negative reaksjonar frå folk i bygda at han på ny tok saka opp med eigaren av huset, Opplysningsvesenets fond.

– Folk fortel meg at dei er skjemde over tilstanden. Prestegarden er eit signalbygg i bygda. Eg skjønar dei godt, seier soknepresten til avisa.

Tetta hol med sovepose

At det manglar pengar til vedlikehald av prestegardar er ikkje noko nytt. Mange prestegardar er gamle hus, og har ein standard som er langt frå den ein kan forvente på nybygg i dag.

I januar 2010 besøkte NRK soknepresten i Gaular som fortalde korleis dei måtte bruke ein sovepose til å tette eit hol i husveggen.

– Vi har måtte trekkje kjøkkenbordet lenger ut på golvet fordi det er altfor kaldt å sitje ved vindauget, sa sokneprest Frode Skeide i Gaular til NRK den gong.

Skulle ønske noko vart gjort

Også soknepresten på Ålhus i Jølster kjenner til det å fryse. Prestebustaden her vart bygd i 1904 og det manglar framleis isolasjon i golva mellom kjellaren og hovudhøgda.

Bjotveit fortel til Bergens Tidende at det på kjøkkenet ikkje blir meir enn 17–18 grader på kalde vinterdagar, sjølv om omnane står på full guffe heile natta.

– Men det er vi blitt vane med. Vi kler på oss, et frukost og går ut, seier han til avisa.

Sjølv om han ikkje vil klage høglydt vedgår soknepresten at dei svært gjerne vil at ting skal betre seg. Fleire gonger har han varsla eigaren av huset, Opplysningsvesenets fond, men lite har skjedd.

Slik det er no er prestegarden både kald og trekkfull, treverket rotnar fleire stader, delar av taket kan ramle ned og materialet i taket er også ulovleg for å nemne noko, ifølgje Bergens Tidende.

Manglar 250 millionar til å ordne etterslepet

Kanskje ikkje så rart, for ifølgje avdelingsdirektør Bernt Aas i fondet, er det ikkje nok pengar til å halde ved like dei mange prestegardane rundt om kring i landet. Til Bergens Tidende seier Aas at dei har eit etterslep på dette på 250 millionar kroner.

Prestegardsinspektør Hildur Kuld i Stavanger og Bjørgvin bispedømme har ei liste med 20 prestebustader i Hordaland og Sogn og Fjordane som treng måling og vedlikehald.

– Vestlandsklimaet er krevjande med mykje regn og vind. Difor blir det nok meir slitasje på bustadane her, seier ho til Bergens Tidende.

Video nsps_upload_2010_1_7_18_49_43_170.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

PRESTANE FRYS: Sjå TV-saka frå januar 2010.