Hendinga skjedde etter ein kamp i Årdal sist veke, og Kaupanger-trenar Anita Sva måtte ta seg av gråtande jenter.
Kjefta for albogebruk
Nokre av jentene gjekk sjølve til Sogn Avis for å fortelje om det som skjedde. Det heile skal ha starta med ein duell på bana som dommaren ikkje bles for. Jotun-trenareren meinte at ei av jentene på Kaupanger brukte albogen med vilje. Og etter kampen som Kaupanger vann med 11-0 mot Jotun 2, gjekk Jotun-trenaren bort og kjefta på jenta for albogebruken.
"Skjere øyrene av"
Han skal ha kalla jentene for "forbanna hurper" og truga med å skjere øyrene av dei.
Jotun tek opp saka
Hendinga er no send over til fotballkretsen. Men alt i dag var det styremøte i Jotun, seier sportsleg leiar for alderbestemt fotball, Harald Wahlquist.
Trenaren beklagar
Og trenaren sjølv, Odd Børge Nundal, som stod for kjeftinga mot Kaupanger-jentene, beklagar det som skjedde.