Skjelett på avvegar

1000 år gamle restar av skjelettet til vikinghøvdingen Gange-Rolv vart før påske stole frå ein postkasse i Florø, skriv Firdaposten. Skjelettet kjem frå ein sarkofag i Normandie i Frankrike og skulle analyserast av Florø-mannen Sturla Ellingvåg ved DNA-laben i København der han jobbar. Målet med prosjektet er å finne ut om vikinghøvdingen var dansk eller norsk.