Hopp til innhold

Skjeldestad skal trene G15-keeperar

Terje Skjeldestad har fått jobben som keepertrenar for G15-landslaget til Norge.

Terje Skjeldestad og Henrik Furebotn

SKAL TRENE G15: Terje Skjeldestad får nye utfordringar på landslagsnivå.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Eg gler meg til å jobbe med unge spelarar frå heile Norge, og synest det er kjekt å vere med på å utvikle framtidas spelarar, seier Terje Skjeldestad til sogndalfotball.no.

Hovudtrenar på G15-landslaget er Øyvind Nilsen, som mellom anna trente Skjeldestad og Sogndal frå 1993 til 1996.

Ifølgje nettstaden får den tidlegare Sogndal-keeperen ansvar for utvikling, trening og planlegging for gutane på G15-landslaget når dei er samla til landslagskampar og landslagsamlingar.

Trenarjobben for Norge blir i kombinasjon med jobben Skjeldestad gjer som keepertrenar for Sogndal Fotball.