NRK Meny
Normal

Skjeldestad kåra til tidenes keeper

Den aller første spelaren på tidenes Sogndal-lag er klar: Terje Skjeldestad fekk plassen mellom stengene.

Terje Skjeldestad og Henrik Furebotn

I GLANSDAGANE: Terje Skjeldestad var ein keeper mange i Sogndal sette stor pris på. No er han kåra til tidenes målvakt. Her er Skjeldestad saman med Henrik Furebotn.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Det er både litt overraskande og gledeleg, seier Skjeldestad.

Den tidlegare sisteskansen fekk heile 23 prosent av stemme på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider. Totalt fekk NRK inn om lag 3000 stemmer.

Stemt fram i duell med legender

Leon Hovland fekk 19 prosent av stemmene, medan 16 prosent aller helst hadde sett Frode Grodås vakte målet på tidenes Sogndal-lag.

- Då eg sjølv byrja i mål, var Hovland og Grodås legendar - så dette er kjekt, seier Skjeldestad.

- Kva betyr ei slik kåring for deg?

- Eg har drive med dette heile livet, så det betyr vel at eg har gjort noko bra iallfall, seier Skjeldestad.

Ville helst spele til han vart 40...

Fram mot seriestart i eliteserien i mars, skal NRK Sogn og Fjordane ved hjelp av sine lyttarar og lesarar komme fram til tidenes Sogndal-lag.

Terje Skjeldestad har altså fått tillit som keeper, og denne veka kan du stemme fram tidenes beste høgreback.

Sjølv hadde Terje Skjeldestad aller helst sett for seg at han stod i mål i mange år til.

- Eg måtte gje meg etter skade då eg var 32 - men hadde håpt at eg kunne spele til eg var nesten 40. Det var tungt å ikkje kunne bestemme sjølv når eg skulle gje meg, seier Skjeldestad.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast