Hopp til innhold

Skjebnemånader for jordbruksskule

Sogn jord- og hagebruksskule går svært spennande månader i møte. Politikarane er no oppmoda om å ta ei endeleg avgjerd om framtida til skulen.

Sogn jord- og hagebruksskule

NEDLEGGINGSTRUGA: Sogn jord- og hagebruksskule har i fleire år vore truga med nedlegging, og no meiner fylkesrådmannen at politikarane må ta ei endeleg avgjerd.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er fylkesrådmannen som har bede politikarane ta endeleg stilling til kva som skal skje med Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

Nedleggingsspøkjelset har truga i årevis, og endå ein gong er miljøet rundt skulen uroa for framtida. Dei har no skipa ei venneforeining og jobbar for at skulen skal gå ei lys framtid i møte.

Jon Skjerdal er ein av initiativtakarane.

– Betydninga skulen har nasjonalt, og faktisk også delvis internasjonalt, er så tungt i seg sjølv at skulen vil nok uansett vere ei kraft som det er vanskeleg å leggje ned, seier Skjerdal.

Løyvde 30 mill. – treng 43 mill.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

TA EI AVGJERD: Fylkesrådmann Tore Eriksen meiner politikarane må ta ei endeleg avgjerd om framtida til skulen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men at skulen er vanskeleg å leggje ned er noko slett ikkje alle er samde i.

Skulen med landets einaste linje for økologisk landbruk har sidan 1990-talet nemleg vore truga av nedlegging. No syner nye tal frå fylkesrådmannen at skulen sitt akutte behov for opprusting er 43 millionar kroner.

Fylkeskommunen løyvde i fjor 30 millionar kroner til dette, men no meiner fylkesrådmann Tore Eriksen at det er på tide med ei endeleg avgjerd om skulen si framtid.

– Då det var møte i finansutvalet 25. september var mi tilråding at fylkeskommunen no må bestemme seg for kva ein skal gjere.

– Men politikarane vil at vi skal gå ei runde til, og då er det for så vidt greitt at vi gjer det. Så får vi sjå kva det endar ut med, seier Eriksen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Noralv Distad og Sogn jord- og hagebruksskule

GIR IKKJE OPP: Noralv Distad, Høgre-ordførar i Aurland, gir ikkje opp kampen om Sogn jord- og hagebruksskule.

Foto: Silje Immel Slettestøl

– Målet er at skulen skal greie seg

Venneforeininga består at tidlegare elevar og tilsette, og andre som vil arbeide for å behalde skulen. Dei meiner auka satsing på skulen bør vere sjølvsagt for fylkeskommunen.

– Vi i venneforeininga vil vere med å setje fokus på kor viktig det er med nye investeringar på skulen og det å vidareutvikle miljøet ved skulen, seier Skjerdal.

Sist veke vedtok Aurland kommune å gjennomføre ei eiga vurdering av skulen sin verdi.

– Vårt mål og utgangspunktet for arbeidet vårt er at skulen skal greie seg. Det skal vi klare med eigne krefter og godt samarbeid med andre, seier Høgre-ordførar Noralv Distad i Aurland.

Distad håpar at regjeringsskiftet også vil gagne skulen.

– Med skiftande regjeringar opp gjennom tidene har det vore ein hard kamp for å sikre framtida til skulen. Vi vil uansett drive eit aktivt arbeid både mot regjering, fylke og eventuelt andre for å sikre framtida til skulen, seier Høgre-ordføraren.

Kan bli fleire nye rundar

Fylkespolitikarane får saka på bordet i november, og ei avgjerd kjem truleg i fylkestinget i desember. Kva tilråding fylkesrådmann Tore Eriksen legg på bordet, veit han ikkje enno.

– Eg kan ikkje konkludere no. Det kan godt tenkast at vi tilrår, og at politikarane også meiner at det bør køyrast ytterlegare prosessar for å få klargjort ein del ting, seier Eriksen.

Skjerdal i venneforeininga håpar på det beste.

– Det vil alltid vere ein del spenning rundt eit budsjettarbeid. Men vi har tillit til at fylkespolitikarane ser at det er viktig å satse vidare på denne skulen, seier han.