Men med ein kamp igjen å spele, og tap for dei to andre nedrykkstruga laga i serieinnspurten, har trenar Oddvar Årdal gitt opp håpet om å berge plassen i 4. divisjon.
Game over
Og game over er det for Jølster, sjølv om det faktisk er ein teoretisk sjanse for å overleve i fjerde divisjon. Ein kamp før slutt er laget tabelljumbo, eitt poeng bak Tornado Måløy 2 og fire poeng bak Askvoll Holmedal. Askvollaget er dermed sikra ny kontrakt i 4. divisjon medan Jølster og Tornado Måløy 2 rykkjer ned til femte.
Førde kan redde
Men Førde kan redde eitt av dei to laga dersom dei klarar å kvalifisere seg til spel i 2. divisjon neste sesong. Dermed reddar også Jølster plassen i fjerde dersom dei vinn seriefinalen mot Syril, og Tornado Måløy 2 taper mot Bremanger i helga.
Ein av dei to sigrane Jølster har i år er i vårkampen mot nettopp Syril, og Oddvar Årdal har håp om at dei skal løyse sin del av nedrykkskabalen med siger på Syril stadion.
Opp og ned
Etter ei årrekkje i 3. divisjon byrja generasjonsskiftet å prege laget ved tusenårsskiftet. I 2001 rykte dei ned til fjerde, og opp og ned igjen i 2002 før dei for alvor fekk vanskar i 2003 då dei berga fjerdedivisjonsplassen med eitt fattig poeng.
9. oktober spelar Førde returkamp mot Lillehammer om ein plass i 2. divisjon på Førde stadion. Den kampen kan avgjere lagnaden til Jølster i 4. divisjon.