Hopp til innhold

Skjebnekamp for Førde

Førde tar imot Aalesund 2 til ein heilt avgjerande kamp søndag – taper Førde har dei ein fot i tredjedivisjon.

Stig Nord

HÅPAR PÅ PUBLIKUMSSTØTTE: Førde-trenar Stig Nord håpar mange tar turen til Førde stadion for å støtta laget i kampen mot nedrykk.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Dei tre kampane vi har att er alle skjebnekampar og dei vert heilt avgjerande for om vi heldt plassen, seier Førde-trenar Stig Nord.

Søndag klokka 15.00 møter dei Aalesund 2 til kamp. Ein kamp som kan avgjera kven som heldt plassen i divisjonen.

Heilt likt

Før kampen ligg laga likt på tabellen. Begge har 24 poeng og dei har minus sju i målforskjell. Det som heldt Førde over streken før kampen er at dei har fleire scora mål.

– Vi har hatt ei god treningsveke og spelarane er innstilt på å krige for poenga, seier Nord.

– Men det er alltid tøft mentalt for eit lag som ikkje har vunne på ei stund, legg han til.

Førde-laget har ikkje vunne ein kamp sidan 2–1 sigeren over Rødde i midten av august. Rødde (3 poeng) er det einaste laget som har tatt færre poeng enn Førde (7 poeng) på dei siste ti kampane.

Tabell

LIKT: Førde og Aafk 2 har like mange poeng og lik målforskjell før søndagens kamp. Førde ligg framfor på fleire scora mål.

Foto: Skjermdump / altomfotball.no

Tøff motstand

Aalesund 2 går inn i kampen med fire kampar på rad utan tap. Ein annan faktor som ikkje talar i Førdes favør er at det er landslagspause. Aalesund 2 kan då stilla med fleire førstelagsspelarar enn dei vanlegvis ville gjort.

– Eg tenker ikkje på kva dei stiller med. Vi har fullt fokus på oss sjølv og vi må komme oss opp på eit nivå som gjer at vi kan ta tre poeng, seier Nord.

Med tap vil Førde hamna under streken, med tre poeng opp til trygg plass. I dei to siste kampane møter dei Ham-Kam (b) og opprykksklare Kongsvinger (h).

– Eg håpar det kjem mange tilskodarar og støttar laget. Det er stort engasjement rundt laget og det sett eg stor pris på, seier Nord.