Hopp til innhold

Skjebnehelg for Sogndal

SOGNDAL (NRK): Sogndal Fotball står føre sin viktigaste kamp denne sesongen. Ein av dei som har det ekstra tøft i dagane før kamp er Jan Arild Jakobsen.

Sogndal

TAL FRÅ FLEIRE TIÅR: I Sogndal Lær og skotøyforretning har Jan Arild Jakobsen statistikk frå fleire tiår.

Foto: KAIA JOHNSEN VIKI / NRK

Bak disken ved Sogndal Lær og skotøyforretning har han ført statistikk over alt som tenkast kan rundt Sogndal Fotball. I desse dagar er det ekstra nervepirrande.

– Det er grufullt, seier Jakobsen.

På veggen heng statistikken som eit bevis på at nedrykksstrid ikkje er heilt ukjent for sogningane. Folk i bygda er vande med at fotballaget deira kjempar ein hard kamp i botnen av eliteserien på hausten.

– Er vi midt på tabellen har vi ikkje noko å spele om, men eg ville jo helst at vi skulle halde oss i serien. Kvalik er kjekt det, så lenge vi vinn, ler han.

På sundag ventar nok ein skjebnekamp. Sogndal kjempar om kvalifiseringsplass, og må ta poeng mot Vålerenga for å halde seg i serien.

– Alt er opp til oss

Det har aldri vore jamnare i kampen om å unngå nedrykk frå eliteserien. Med eitt mål meir ligg Aalesund over Sogndal på tabellen.

– Alt er opp til oss. Fokuset mitt no er å slå Vålerenga, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Eirik Bakke og Kjetil Wæhler

BAKKE OG WÆHLER: På sundag er det skjebnekamp for Eirik Bakke (t.v.) og Kjetil Wæhler (t.h.).

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Han får følge av kaptein Even Hovland.

– Vi har ein plan om å gi Vålerenga god motstand og helst få med oss tre poeng.

Spelaren med mest erfaring prøver sitt beste med å ufarleggjere situasjonen laget no står i.

– Det er berre sport vi driv med, så vi må senke skuldrene, seier midtstoppar Kjetil Wæhler.