NRK Meny
Normal

Skjebnedagar for skipstunnelen

I fleire tiår har politikarar lova Stad skipstunnel. Dei neste 14 dagane kan skjebnen bli avgjort.

Stad skipstunnel

KJEMPAR FOR TUNNELEN: Prosjektgruppa for Stad skipstunnel jobbar no for at tunnelen kjem inn i første del av NTP.

Foto: Kystverket/Snøhetta

Randi Humborstad

HEKTISK MØTEAKTIVITET: Randi Humborstad i prosjektgruppa er på Stortinget for å halde trykket oppe

Foto: Øystein Torheim

Leiar for prosjektgruppa for Stad skipstunnel, Randi Paulsen Humborstad, er i desse tider på Stortinget for å tale tunnelen si sak. For snart kan Sogn og Fjordane sitt desidert mest omtalte samferdsleprosjekt vere banka gjennom, eller skubba ut i det blå.

– Vi er inne i ein veldig viktig fase, nemleg prioriteringsfasen på regjeringsnivå. No held dei på med transportplanen som skal leggast fram før påske. Difor er det viktig at vi er på Stortinget og minner dei politiske partia om kva dei har lova når det gjeld skipstunnel, seier ho.

For det er knytt stor spenning til Nasjonal Transportplan (NTP) som blir lagt fram for Stortinget våren 2017 og gjeld for åra 2018–2029. Humborstad har eit klart mål når det gjeld den 1700 meter lange tunnelen med prislapp på 2,5 milliardar kroner.

– Bodskapen vår er at tunnelen skal inn i første fireårsperiode, noko anna er ikkje aktuelt. Kjem tunnelen inn i andre halvdel, er det mykje mindre forpliktande og lettare å flytte på. For oss vil det vere eit nederlag.

Får positive signal

No går det føre seg forhandlingar mellom regjeringspartia og Venstre og KrF. Humborstad ser ikkje vekk frå at det meste er bestemt i løpet av to veker.

– Om dei klarer å blei einige, er det nesten bestemt kva som kjem i NTP. Viss regjeringspartia legg fram ei stortingsmelding der dei ikkje har blitt einige med støttepartia, blir det kamp i Stortinget.

– Har de fått nokre signal om korleis de ligg an?

– Vi får veldig positive signal. Stortingspolitikarar frå både Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal jobbar aktivt med denne saka.

Stad skipstunnel

1700 METER LANG: Tunnelen får ein prislapp på om lag 2,5 milliardar kroner.

Foto: Illustrasjon Kystverket

Lødemel er optimistisk

Bjørn Lødemel

POSITIV: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) seier han jobbar målretta for at tunnelen skal bli bygd.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, er positiv til at skipstunnelen blir prioritert.

– Eg og Sogn og Fjordane Høgre har jobba målretta for å få det til, både inn mot eigen fraksjon og mot eiga stortingsgruppe. Vi er spente, men optimistiske.

Også for Lødemel er det viktig at skipstunnelen får plass i første del av transportplanen.

– Kjem tunnelen dei siste fire åra, blir det meir usikkert.

Stad skipstunnel

ANIMASJON: Bli med på innsida av tunnelen.

– Næringslivet ønskjer tunnelen

Fleire organisasjonar har sendt uttale der dei ber politikarane handle, noko Humborstad set pris på.

– Ei rekkje verksemder som Marine Harvest, Norges Fiskarlag og Kystrederiene har sendt uttaler til samferdselsministeren for å vise at tunnelen er noko dei ønskjer, seier Humborstad.

Stortingspolitikar Bjørn Lødemel seier han er glad for påtrykket som har kome frå næringslivet for å få på plass skipstunnelen.

– Det er viktige innspel vi tek med oss til partiet.

Lødemel trur det er realistisk å starte bygginga i 2019 eller 2020.

– Eg er også rimeleg trygg på at kostnadane vil bli på om lag 2,5 milliardar kroner, seier Lødemel.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast